Ei overrasking i norsk film i vinter har vore musikar og filmskapar Kristin Vollsets novellefilm «Robin in the Hood». Den originale nytolkinga av Robin Hood-legenda er ein samtidsaktuell musikal med handlinga lagt til Dublins kulturelt livskraftige hestemiljø.
Filmen, som blandar fiksjon og dokumentar, er mogleggjort av Vollsets lange kjennskap til den mannsdominerte kulturen rundt byens bakgardsstallar. Det er eit miljø som kan verka lukka for utanforståande, og ein kan undra på korleis ei norsk kvinne med filmkamera vann innpass og tillit her.
– Når eg ser tilbake, kjennest det veldig lagnadsstyrt, men der og da var det eit tilfeldig møte, seier Kristin Vollset om det første møtet.
Møtte veggen
Den verkelege historia liknar den fridomssøkande forteljinga i filmen og starta tilbake i 2011 då Vollset la ut på ei Europa-reise. Utan eit bestemt mål var planen å bu i bilen og stansa der det kjendest rett å slå seg ned. Den kjensla fekk ho ikkje før ho kom til Dublin.
– Eg leita etter gratis parkering, då eg rygga meg fast i eit trongt smau. Medan eg stod og såg på ei knust baklykt, opna murveggen seg og ut valt ein stor hest og ein gjeng karar. Vi såg på kvarandre med gjensidig undring og latter – og da var det i grunnen gjort.
Då Vollset køyrte inn i smuget, visste ho ikkje ein gong kor i byen ho var. Det viste seg å vera nær gamle «norske» tufter i sentrumsstrøket kalla The Liberties, området der det vart etablert norrøne busettingar alt på 800-talet. I dag er det like ved bryggeriutsalet Guinness Storehouse, ein av byens største turistattraksjonar.
– For meg var det fascinerande at det levde ein «hestestamme» her, midt i Dublin. Dei lurte nok òg på kven eg var, som berre dumpa inn og «heldt ut» med dei.
Truga hestekultur
Mange som har besøkt Dublin har nok sett hestevognene som køyrer turistar rundt om i byen, men hestemiljøet er uglesett av både politi og lokale styresmakter, som ikkje ønskjer hestar i byen.
– Møtet med dei brutale, irske klasseskilja var sjokkerande. Arbeidarklassen blir demonisert, og presset mot hestekulturen ber preg av trakassering og medvite audmjuking. Stallar blir stadig rivne av kommunen i reine militæroperasjonar, og politiet er raske til å visitera folk og bryta opp sosiale samkomer og nærmiljøtiltak.
At politiets handlemåtar er kollektivt stigmatiserande og kontraproduktive, er tema for Vollsets musikkvideo «They can't stop you», som er tatt opp under ein fuktig, men godlyndt gatedans i eit buområde. I videoen kan vi sjå Vollset spela og synga bak mikrofonen medan politiet aksjonerer rundt henne mot eit arrangement som ikkje er lovstridig. Filmen vann pris for beste musikkvideo ved Bergen internasjonale filmfestival i 2020.
Også «They can't stop you» gjev glimt av mentaliteten og kvardagslivet i det Vollset kallar «hestestammen».
Eigen livsrytme
– Det er eit liv med ein eigen flyt og rytme, ein kultur med eigne reglar og mange festar der familieband er viktige. Dåp og konfirmasjon er store hendingar i tillegg til alle hestemarknadane og andre hesterelaterte samlingar. The February Run samla nyleg hundrevis av folk og hestar som køyrte samla gjennom gatene i Dublin, heilt ignorerte av media.
«Dei dyrkar ideal som kan gjera oss meir sjølvforsynte og frie.»
— filmskapar Kristin Vollset
For Kristin Vollset vart hestemiljøet eit sosialt og kulturelt nettverk ho ikkje berre kjende seg naturleg heime i, men som ho også meiner tar vare på urgamle kvalitetar vi har distansert oss frå i det digitalisert hypermoderne og økonomisk nyttefokuserte samfunnet.
– Det handlar om å eksistera her og no i verda. Det er ei anna oppleving av tid og rom enn vi er vande med, der du nærast kan føla dei andre i gruppa vera fysisk rundt deg i «byskogen». Sosialt er det trygt, men også intenst. Same kva du gjer, veit dei andre om det i løpet av minutt.
Kunstnarisk ur-kall
Første gong Kristin Vollset skildra hestekulturen på film, var i «No Plan», som vart kåra til beste kortdokumentar ved Det irske filminstituttets dokumentarfilmfestival i 2017. Den talande tittelen er også namnet på den historieforteljande songen filmen illustrerer. Vi ser Vollset urframføra songen i ein stall framfor tenåringsgutane som ho portretterer med namns nemning. Fjesa til tilhøyrarane seier oss at Vollset overraskar dei med sine direkte karakteristikkar av dagdriveri, venskap og impulsive pubertetssamanstøyt, men det lyser også av gutane at dei kjenner seg sett og forstått i dei fordomsfrie observasjonane hennar.
Nokre av gutane i «No Plan» dukkar også opp som vaksne menn i «Robin in the Hood», der regissøren sjølv gestaltar Maid Marian i tillegg til å synga «forteljarrøysta».
I løpet av dei tre åra Vollset budde i Dublin, samla ho over 130 timar med filmopptak frå hestemiljøet. Det er ein unik dokumentasjon av ein hard pressa subkultur, og ho fortel til Klassekampen at fleire filmselskap har villa kjøpa materialet. Ho ønskjer ikkje å selja.
– Målet er å laga ein langdokumentar frå mitt perspektiv. Desse folka er dei beste historieforteljarane, dei kjærlegaste og artigaste menneska eg har møtt. Eg ønskjer å få fram at denne kulturen, med sin samfunnsbyggande symbiose mellom hest og menneske, kan visa oss veg for framtida, at dei har viktig kunnskap som vi treng om vi skal overleva som menneske.
Kristin Vollset seier ho kjenner seg kalla til å skildra dette miljøet.
– Det er den sterkaste kreative ideen eg har fått. Dagens hestemiljø i Dublin er berarar av tradisjonar som kan førast mange tusen år tilbake til dei tidlegaste, sentralasiatiske hestekulturane. Dei dyrkar ideal som kan gjera oss meir sjølvforsynte og frie, og meir motstandsdyktige mot å la oss bruka som batteri i teknologiske, økonomiske og statlege system, som slavebind liva våre.



