Statsminister Jonas Gahr Støre vert skulda for å ha stogga arbeidet med å finne dei historiske dokumenta knytt Oslo-prosessen på 1990-talet.
Desse dokumenta skal vere i det private arkivet til den Epstein-knytta toppdiplomaten Terje Rød-Larsen, i staden for i arkivet til Utanriksdepartementet.
Det var ei uttale frå Støre som stogga Riksarkivet si jakt på dokumenta i 2006. No seier Støre til Aftenposten at han ikkje hugsar kvifor han via ein kommunikasjonsrådgjevar sa at det ikkje mangla noko dokument i UD-arkivet. Til VG torsdag seier han: «Jeg kan ikke huske at jeg skal ha vært involvert i denne uttalelsen fra kommunikasjonssjefen.»
Men det var ikkje berre i 2006 Støre kommenterte dei manglande dokumenta. Det gjorde han også i 2012 og 2025. Det syner artiklar i avisa Dag og Tid, som har følgt saka tett.
Og aldri før har Støre sagt at dokumenta bør kome på offentlege hender, som han no hevdar alltid har vore hans haldning.
Dette har Støre sagt:
- I 2006 uttalte Utanriksdepartementet på vegner av Støre via ein talsperson til Bergens Tidende at «Vår konklusjon er at det ikke finnes dokumenter han (Rød-Larsen, red.merk.) har fra Oslo-prosessen som er savnet i UDs arkiver. Vi anser saken som avsluttet.»
- I august 2012 sa pressetalsperson Frode Overland Andersen på vegner av utanriksminister Jonas Gahr Støre til Dag og Tid at UD ikkje mangla noko dokument frå Oslo-prosessen.
- I januar 2025 sa Støre direkte til Dag og Tid at han ikkje hadde noko kommentar til ei sak om at det framleis mangla dokument ifrå Oslo-prosessen.
Journalist i Dag og Tid Vidar Ystad har jobba med saka i meir enn 20 år og seier det er nytt at Støre seier at dokumenta frå prosessen bør kome til det offentlege.
– Både i 2006, 2012 og i 2025 har Støre sjølv anten sagt at det ikkje manglar noko i arkivet, eller sagt at han ikkje har noko kommentar. Det er heilt utenkeleg at det ikkje er han sjølv som har gjeve desse kommentarane, seier Ystad.
Tomme arkiv
Det var historieprofessor Hilde Henriksen Waage som fyrst oppdaga at arkivet frå Oslo-prosessen var mangelfullt.
I 2001 byrja ho på ein rapport om Oslo-prosessen, og då ho skulle leite fram seg fram i arkivet frå 1993, var det tomt.
– Eg hadde fått tryggingsklarering og kunne bla og leite sjølv i arkivet. Frå januar til september 1993 var det heilt tomt. Det var ingenting der, seier Waage.
Ho fortel at Utanriksdepartementet fortalde at det måtte vere ein feil, og at dokumenta kanskje var arkivert på feil stad. Men seinare kom dei til ho og sa at det faktisk ikkje var noko som mangla.
– UDs arkivar leita rundt på kontora og andre stader i arkivet, men fann ingenting. UD måtte konstatere at departementet ikkje visste kor dokumenta var.
Men så oppdaga Waage plutseleg at journalisten Odd Karsten Tveit gav ut ei bok om Oslo-prosessen der han byrja å sitere frå arkivet.
– I boka «Krig og diplomati» siterer han plutseleg hundre dokument som ikkje er i arkivet. Så han har sett dokumenta, men vil ikkje seie kor eller korleis han har gjort det, seier Waage.
Klassekampen har prata med Tveit, som seier at han ikkje hadde tryggingsklarering til å grave i UD-arkivet og difor som journalist måtte finne kjelder andre stader. Han fortel at han av omsyn til kjeldene han har hatt kontakt med, ikkje kan fortelje korleis han har fått informasjonen.
Waage seier at ho trur på Tveit, og at han har sett dokumenta.
Ikkje truverdig av Støre
Waage meiner at det ikkje er truverdig at Støre ikkje hugsar at han har sagt at det ikkje manglar noko dokument i Utanriksdepartementet.
– Støre har som utanriksminister hatt fleire høve til å seie det han no seier. I staden har han sagt at det ikkje manglar noko frå arkivet. Det handlar ikkje om at han hugsar feil, men om at han har beskytta ekteparet Mona Juul og Terje Rød-Larsen, seier Waage.
– Kvifor har han hatt lyst til å beskytte dei, trur du?
– For å beskytte eventyrforteljinga om rolla som Noreg spelte under Oslo-prosessen. Den forteljinga er viktig for merkevara Noreg som fredsnasjon, og arkivet kan vere med på å øydeleggje den forteljinga ved å syne at Noreg i praksis var ein løpegut for Israel, seier ho.
Klassekampen har lagt fram skuldingane frå Waage for Støre. Han skriv i ein e-post at «alle relevante arkiver knyttet til Oslo-prosessen bør være i våre nasjonale arkiver, enten det er i Utenriksdepartementet eller i Nasjonalarkivet. Dette gjelder også Terje Rød-Larsens private arkiv. Det mente jeg den gangen jeg var utenriksminister, og det mener jeg fortsatt».



