Samstundes som finanspolitisk utval foreslår å endra sjukelønnsordninga, tar LO til orde for ei endring i arbeidsmiljølova. Målet er det same: å få ned sjukefråværet i norsk arbeidsliv.
– Me meiner det må vera eit krav i arbeidsmiljølova at mellomleiarar har krav på HMS-opplæring, og det må vera eit minimumskrav til kva den opplæringa må innehalda, seier nestleiar i LO Henriette Jevnaker.
Jevnaker viser til at ein tredel av alt sjukefråværet skuldast forhold på arbeidsplassen, og derfor må både det førebyggande arbeidet og oppfølginga som skjer hos arbeidsgivarane, styrka seg.
– Me veit at 60 prosent av arbeidsgivarane ikkje jobbar systematisk med å kartlegga risiko på sin arbeidsplassen.
Sjølv om arbeidsmiljølova i dag inneheld krav til HMS-kompetanse hos toppleiinga, er ikkje det nok, meiner LO. Difor ber dei no om ei lovendring.
– Mellomleiarar er dei som i praksis utøver arbeidsmiljø- og IA-arbeidet ute på arbeidsplassane. Me veit det er store forskjellar mellom bedriftene. Dette løftet vil spara samfunnet og den enkelte for mykje sjukefråvær, seier ho.
– Så dette er viktigare for å få ned sjukefråværet enn å gå laus på sjukelønnsordninga?
– Dette er eit av mange tiltak myndigheitene må jobba med, framfor å straffa sjuke folk økonomisk.
Ikkje støtte frå NHO
Forslaget frå LO møter ei kald skulder frå NHO. I ein e-post seier direktør for arbeidsliv og tariff, Nina Melsom, at NHO er einige i at HMS-opplæring er viktig, men meiner at det ikkje er naudsynt med ei lovendring.
«Dette er eit tiltak myndigheitene må jobba med, framfor å straffa sjuke folk økonomisk.»
— Henriette Jevnaker, nestleiar i LO
«Allerede i dag er arbeidsmiljøloven tydelig på at ansatte skal ha tilstrekkelig opplæring, og at ansvaret ligger hos arbeidsgiver. Istedenfor å lage en detaljert beskrivelse av hva opplæringen skal bestå i, har NHO tro på god veiledning som tilpasses bransje og bedriftsstørrelse», uttalar Melsom.
Vil kutta i sjukelønna
Nyleg sparka Høgre opp att debatten om endringar i sjukelønnsordninga. På landsmøtet til helga kan Høgres syn på sjukelønna bli endra. Påtroppande leiar Ine Eriksen Søreide har uttalt at ho opnar for kutt i ordninga.
Finanspolitisk utval, som årleg kjem med råd til Finansdepartementet, kom nyleg med råd om å endra sjukelønnsordninga, som dei også har gjort tidlegare. I rapporten står det: «Arbeidstaker og arbeidsgiver bør få bedre økonomiske insentiver til å redusere sykefravær, samtidig som fastlegens rolle som portvokter styrkes.»
Finanspolitisk utval går inn for at arbeidsgivar bør dekka ein større del av langtidsfråværet enn i dag. «Dette vil gi arbeidsgiver bedre insentiver til å investere i forebygging og tilrettelegging», skriv dei. Og vidare: «For arbeidstakere bør det innføres en viss egenandel ved sykefravær, slik at det ikke gis full lønnskompensasjon.»
Dette kjem LO til å kjempa imot.
– For LO er det heilt uaktuelt å akseptera kutt i sykelønna. Her er det andre tiltak som må til, seier Jevnaker.
NHO er derimot langt meir imøtekommande:
«Vi ønsker alle idéer for å få ned det høye sykefraværet i Norge velkommen. Som del av IA-arbeidet jobbes det nå med en kunnskapsinnhenting, og det er naturlig at vi basert på denne kunnskapen ser på alle sider ved dagens sykepengeordning. Norge skal ha gode velferdsordninger, men som samtidig bidrar til jobbnærvær. Her ligger det dilemmaer og diskusjoner vi må være villige til å ta», skriv direktør Melsom.



