Per Magne Pedersen har delt denne artikkelen med deg.

Per har delt denne artikkelen

Bli abonnent
Mot veggen

Lei av syting frå villaane

Økonomiprofessor Are Oust meiner at livets vinnarar er dei som klagar mest. Han seier me må slutte å tykkje synd i gamle folk i dyre hus.

RETTFERDIG: Are Oust tykkjer det er bra at folk med dyre hus betalar skatt. Foto: Ole Martin WoldRETTFERDIG: Are Oust tykkjer det er bra at folk med dyre hus betalar skatt. Foto: Ole Martin Wold

– Du skriv i eit innlegg i Dagens Næringsliv at det er dumt at det er dei med store formuar som får dominere debatten som no går om formuesskatt og verdien på bustadar. Kvifor det?

– Skatt av bustad i Noreg er ekstremt urettferdig, og også den delen som er knytt til formuesskatt er ekstremt urettferdig. Dei som no er aktive i debatten, er dei som er heldige, og som har veldig gunstige skatteordningar. Dei som skattereglane er verst for, det er leigetakarar. Dei høyrer me ikkje noko om. Kvifor er det ingen som har omsorg for dei?

– Kvifor er skattesystemet urettferdig?

– Me har skattereglar som gjer det svært gunstig å eige bustad, og særleg ein dyr bustad. Dette er medvite, og det er knytt til eigarlinja i politikken. Og det er fint at folk eig eigen bustad, men no har me køyrt det til det ekstreme. Då er det nokon som tapar på det, og det er dei som allereie har minst.

– Dei justeringane som regjeringa no har gjort i utrekningane av kva bustader er verdt, gjer at nokre folk i Oslo med dyre hus lyt betale meir i formuesskatt. Nokre av dei har budd i huset heile livet og ynskjer å halde fram med det. Likevel er det ikkje sikkert at dei har so mykje pengar. Kan du forstå at dei vert fortvila?

– Du kan samanlikne dei med nokon som har vunne ti millionar kroner i lotto, men som nektar å bruke av lottopremien for å betale litt formuesskatt. Om du bur åleine i eit nedbetalt hus til ti millionar, får du no 6000 kroner i formuesskatt. Om huset er verdt tjue millionar og er heilt nedbetalt, so er det 76.000 i året. Det er ein ganske låg kostnad. Desse folka med hus til tjue millionar tenar i eit vanleg år ein million kroner i året i prisstiging. Då er det berre å gå i banken og ta eit lån for å betale dei 76.000 kronene om du treng det. Dette er ein kostnad dei skal klare.

– Så du meiner at det ikkje er nokon som må selje bustaden som har vore i familien i generasjonar for å betale formuesskatt?

– Ja, det finst ingen slike døme. Med måten dette er organisert på, vil du ikkje klare å finne eit slikt døme. Eg har rett og slett ikkje kreativitet til å konstruere eit eksempel som gjer at nokon blir tvinga til å selje på grunn av dette. Uansett korleis eg vrir og vender på hjernen, klarer eg ikkje å kome på eit slikt døme. Og eg har prøvd. Så det er ikkje det me pratar om. Me pratar kanskje om nokre som tykkjer det er litt ubehageleg å gå i banken for å ta opp eit lite lån. Det er greitt at dei synest det er ubehageleg, men skal me innrette skattesystemet ut frå det? Spørsmålet er også om det eigentleg er desse gamle folka i dei store husa me pratar om, eller om det eigentleg berre er eit vikarierande motiv å beskytte dei, og at det eigentleg handlar om at folk ikkje likar å betale skatt.

– Kva trur du?

– Nokre seier at dei betalar skatten sin med glede, men det trur eg ikkje er særleg utbreidd. Det vart jo innført ei frivillig skatteordning ein gong, og då var deltakinga heilt minimal. Eg trur det var tale om eit einsifra tal deltakarar. Folk likar å ha ein velferdsstat, men dei er ikkje så glad i å betale skatt. Det er heilt greitt og forståeleg. Me må likevel forsøkje å innrette skattesystemet rettferdig og ikkje berre lytte til dei som klagar.

– Så desse justeringane som no er gjort, er heilt uproblematiske?

«Dei som no klagar på auka formuesskatt, er framleis ­veldig heldige.»

Are Oust, professor i økonomi ved NTNU

– Stoltenberg har jo sjølv sagt at nokre kan ha fått for høg takst. Då finst det eit system for å rette opp i det. Poenget er at den nye modellen er meir presis og rettferdig. Den fører til at nokre får høgare skatt enn før, men også at nokre får lågare skatt. Det er ganske mange som har fått verdien på bustaden sin justert ned med den nye modellen. Modellen er uansett meir treffsikker, og det er bra. Det er truleg ingen som no har ei verdsetjing av bustaden sin som er høgare enn det den faktisk er verdt. Verdsettingsrabatten er jo laga akkurat for at det ikkje skal skje.

– Likevel seier finansminister Jens Stoltenberg no at dei skal justere på formuesskatten fordi staten tek inn meir pengar enn dei hadde rekna med då dei innførte den nye modellen. SV og Raudt tykkjer det er greitt, medan Senterpartiet meiner at ein då må kompensere med til dømes eit høgare botnfrådrag. Kva meiner du?

– Dette handlar om kva som har vorte lova i valkampen, og det er difor Stoltenberg seier at endringa skal vere provenynøytral. Det er eit politisk spørsmål. Det er fleire ting ein kan justere for å sikre at endringa blir mest mogleg rettferdig. Det mest treffsikre grepet for å sikre ei rettferdig endring er nok å justere botnfrådraget i formuesskatten. Når eg diskuterer dette, så legg eg til grunn at me skal ha ein formuesskatt, og at den bør vere rettferdig. Eg har lagt heilt vekk diskusjonen om formuesskatt, for den er komplisert.

– Kvifor er det viktig at folk med dyre hus betalar skatt?

– Det er ein tankekross at det er livets vinnarar som klagar mest, og at det er dei som er veldig heldige å ha eit dyrt hus, som får dominere denne debatten. Debatten burde mykje heller ha vore dominert av leigetakarar, for det er dei som vert råka av eit urettferdig system. Folk med dyre hus har det bra og er ikkje i noko vanskeleg situasjon her. Eit urettferdig skattesystem fører også til vridingar i økonomien som ikkje er bra for samfunnet. Til dømes er det mange einslege og par som sit i store hus, samstundes som det er bustadmangel i Oslo. Det er fordi det er så gunstig å eige eit stort hus. Den justeringa som no har skjedd, er eit lite steg, men det er eit steg i rett retning.

– Korleis kan me ta større steg i retning av ei meir rettferdig skattlegging av bustad, då?

– Systemet er mest urettferdig for leigetakarar, fordi dei ikkje får den skattesubsidien som eigarar av eigen bustad får. Om leigetakarane fekk eit inntektsskattefrådrag på til dømes 8000 kroner per månad per medlem i husstanden, så ville det ha vore eit stort steg i rett retning. For folk utan inntekt kunne ein ha gjort noko med bustøtta.

Lyst å lese mer fra Klassekampen?

Bli abonnent

Du kan enkelt registrere deg med

Mot veggen

Mot veggen

Sjeflob­byist Jan-Erik Larsen ønsker lobby­re­gister på Stortinget og mener sånne som ham ikke er problemet.

Mot veggen

Svarer om Melkøya-spliden: Tilliten til SV har fått seg en knekk, sier Ingrid Fiskaa

Mot veggen

Svarer for Epstein-dekninga: VG-redaktør Gard Steiro tykkjer synd i Mette-Marit