Solveigs salt

Basar

Han klamra seg til talarstolen som til ein flåte på havet.

Då eg blei fødd inn i denne verda, lærte eg gradvis korleis ho er innretta, dels ved sjølvsyn, men mest av dei som kom hit før meg. Dei tvinga meg til å stå opp om morgonen, kle på meg og gå på skulen, og eg fann meg i det fordi eg forstod at det måtte til for at kvardagen skulle gå rundt. Like eins var det innforstått at det fanst mykje som ikkje var synleg til kvardags, som løver i Afrika, kvalar i havet og ufatteleg store galaksar fleire milliardar lysår borte. Sånn sett var det rimeleg nok at det kunne finnast ein Gud i himmelen òg.

Du må være abonnent for å lese denne artikkelen

Solveigs salt

Hopp i stor bakke

I romantrilogien «Løstølsfolket», som kom ut i 1932–1934 og har handlinga lagd til attenhundretalet, skriv forfattaren Gro Holm om bonden Brita som stiller på fesjå med ei særs fin mjølkeku som ho sjølv har alt opp. Kua vinn heider og premie, men endå så ferm og dugande Brita er, er ho usynleg for den mannlege arrangøren, som har bygt verdsbiletet sitt på at berre menn kan eiga kyr. Derfor må ektemaken hennar, som arbeider på eit sagbruk, hentast midt i økta. Han kjem raud og forvirra inn på skodeplassen og får overrekt ei sølvskei for ei ku som han er ute av stand til å skilja ut mellom dei andre. På den tida var det nyleg blitt slutt på at barselkvinnene måtte gjennom ein kyrkjeleg reinsingsprosess for å bli kvitt den ekstra syndebøra som fødselen hadde påført dei. Brita sakna ikkje den rituelle audmykinga, men skulle gjerne hatt ei avklaring av det teologiske grunnlaget: «Hadde kjerringane det turvande før, so må dei då ha det turvande no.» I år har kvinnene for første gong fått hoppa i stor bakke i dei olympiske vinterleikane. Det var siste ledd i ein tung kamp for retten til å visa kva dei er gode for.

Forelska prinsar

Å vera kongeleg er å gje avkall på dei personlege kjenslene til fordel for rikdom og makt. Det blei klart for all verda i 1936, då Edvard den åttande av Storbritannia sa frå seg trona. Han gjorde det med sorg, for å vera konge var det einaste han var lært opp til og den einaste framtidsplanen han hadde. Men fordi vilkåret for å bli sitjande i jobben var at han avstod frå å gifta seg med den to gonger fråskilde Wallis Simpson, som han hadde hamna i armane på etter ei vill ungdomstid med mykje ansvarslaus sex, såg han seg nøydd til å seia opp etter eit snautt år. Som dei fleste andre regentar var Edvard ein mann med mange feil, og viljen til å kjempa for kjærleiken var truleg det beste ved han. Den noverande kong Charles kunne nok vore like standhaftig om det ikkje var for at ho som han elska, Camilla, heller ville ha Andrew Barker Bowles. Derfor tok han til takke med Diana, som var jomfrueleg vakker og tilsynelatande urøynd med dei mørke sidene ved livet.

Eventyr­prin­sessa

Nokre månader etter tusenårsskiftet kunngjorde norske massemedia at kronprins Håkon Magnus hadde fast følgje med ei ung mor med ei fortid som ihuga festmenneske. Dermed var det opp til oss alle å reagera ut frå våre eigne føresetnader, enten me syntest at det var fint av han å forelska så fordomsfritt, eller at no var det på tide å avskaffa monarkiet. Som gamaldags bygdemenneske hengde eg meg særleg opp i at då Harald og Sonja kom på besøk til Mette Marit for første gong, hadde ho ikkje anna å by på enn ussel ferdigmat. Seinare har ho vist seg like urøynd med praktiske gjeremål som jenta i eventyret om dei tre mostrene. Ho hadde vakse opp langt inni skogen utan å få den opplæringa som alle kvinner måtte ha for å overleva i naturalhushaldet, og fekk seg jobb i kongsgarden eine og aleine på grunn av eit vinnande vesen. Dronninga likte henne så godt at det blei for mykje for dei andre tenestejentene, så dei sette ut rykte om at ho hadde sagt at ho kunne spinna ein diger haug med lin til garn på tjuefire timar. Det var ein forferdeleg floke å bli vikla inn i, men midt på natta kom det ei gamal kone som sa at ho kunne gjera det for henne, så sant ho ville kalla henne for moster si på sin heidersdag.