Solveigs salt

Velsigna massakre

Krigsfantasten Pete Hegseth står på trygg bibelsk grunn.

I gravferda til mor las eg dei fire første versa av salme 23 i Det gamle testamentet, som både ho og eg i all hovudsak berre kjende frå amerikanske filmar. Det er der det står at Herren er den gode hyrden som fører kong David til grøne enger og fyller begeret hans så det renn over, om enn han vandrar i dødsskuggens dal. Eg visste at ho ville ha likt det, og eg var glad for at det enno fanst ein siste rest av felles mark der eg kunne ta eit fredeleg farvel.

Du må være abonnent for å lese denne artikkelen

Solveigs salt

David og gorillaen

Den 99 år gamle David Attenborough, i seg sjølv eit naturens underverk, har brukt mesteparten av livet på å laga filmar om dyr og planter for TV. I den siste, som ligg ute på Netflix, sit han heime i stova og ser tilbake på nokre opptak frå Rwanda som han var gjorde i 1978. Planen var å snakka om utviklinga av tommel- og peikefinger mens ein fjellgorillaflokk pusla i bakgrunnen. Men best som det var, kom det ein treårs gorillaunge og heiv seg i fanget på han, og den vitskaplege observatøren var forvandla til leikeonkel. Dette hadde aldri kunna skje om det ikkje var for det banebrytande arbeidet til primatologen Dian Fossey, seier Attenborough. Ho studerte desse utryddingstruga slektningane våre i felt frå 1967 til 1985, og utvikla ein metode for vern og restaurering som har ført til at dei no har blitt dobbelt så mange. Av henne lærte han å laga høyrbare pustelydar når han nærma seg, omtrent slik menneske i gamle bygdesamfunn gjev frå seg nokre små kremt før dei går inn gjennom den opne døra til naboen.

Tyran­no­saurus rex

Mens eg sit og ventar på å koma inn hos legen, høyrer eg at det står nokon og gryntar bortved betalingsterminalen. Det går rett i reptilhjernen og skaper ein så sterk trong til å jaga svinet på dør at eg for mi eiga velferds skuld lèt vera å sjå i den retninga. Men når det aukar til grov harking, blir den primitive aggressiviteten blanda med meir medmenneskelege tankar om at her er det visst ein som er i naud. No ser eg at ein halvgamal, ustelt mann har stilt seg i angrepspositur framfor den massive maskinen og prøver å rista han med begge hender. Dei stygge lydane han lagar, er ein trussel om omfattande øydelegging, slik Tyrannosaurus rex kjem brasande ut or buskane med open kjeft og ville brøl på filmar om fortidsdyr. Det er ein like vonlaus måte å jaga byttedyr på i våre dagar som for sekstiseks millionar år sidan, for ein jeger som seier frå i god tid om at han er i kjømda, er det lett å sleppa unna. Det som gjer krokodillar så farlege, er den evna dei har til å snika seg lydlaust innpå.

Jesus i Betania

Den tid Jesus frå Nasaret vandra omkring med dei tolv læresveinane sine, var han avhengig av velståande sympatisørar med store nok hus til å by heile denne brokete banden på mat og overnatting. Ein av dei var farisearen Simon i vesle byen Betania, der Jesus var innom siste gong like før påske. Det høyrer med til god gamaldags kristendomsopplæring at han kalla farisearane for hyklarar og kalka graver, mens dei på si side prøvde å setja han fast som vranglærar og falsk profet. Når Simon likevel opna døra for han, må dei ha hatt stor sans for einannan trass i alt. Kan henda er det på grunn av altfor fisefine kyrkjeritual at me ikkje lenger forstår den røffe tonen dei hadde seg imellom. I alle fall var det heime hos denne farisearen at ei kvinne kom inn med ei alabastkrukke med kostesam nardussalve som ho utan å spørja nokon om lov tømte rett i hovudet på Jesus. Læresveinane tykte det var meiningslaust sløseri og ville heller at salven skulle vore seld og pengane gjevne til dei fattige.