Innan 2030 skal det byggast ut solenergi som produserer 8 TWh. Det har Stortinget vedtatt.
Ifølge Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) er målet langt unna.
– Ved inngangen av året var det installert solkraft som produserer om lag 0,66 TWh. Sjølv om det er fem år fram, så har me i vår analyse anslått at solproduksjonen vil auka til omkring 2 TWh i 2029. Me ligg ikkje an til å nå ambisjonen om 8 TWh i 2030, seier Magnus Buvik, fungerande seksjonssjef i energi- og konsesjonsavdelingen.
Han fortel at det var større fart i utbygginga rundt 2022 og 2023 som følge av at straumprisane i Sør-Norge var skyhøge i periodar, meiner det er fleire grunnar til at tempoet i solkraftutbygginga har bremsa opp.
– Me har sett svakare utbyggingstakt dei siste åra, særleg på hushaldssida.
– Straumprisane er lågare enn i 2021 og 2022. Mange straumkundar har straumstøtteordning og kan velja Norgespris. Me ser framleis interesse for solkraft på næringsbygg og bakkemonterte anlegg.
– Har Norgespris tatt lufta ut av folks ønske om å installera solkraft?
– For hushaldningane har det bidratt tilskjerming frå periodar med høge prisar, som kan gi lågare lønnsemd for solceller. Det er fleire faktorar enn berre kraftprisen som verker inn på valet om å installere sol på tak. Det er nok samansett, men det er mindre interesse.
Norgespris utfordrar sol
Thina Saltvedt, sjefanalytikar hos Nordea, er einig i at Norgespris utfordrar investeringsviljen i solkraft.
– Norgespris bidrar til å halda prisane nede, så du får ikkje same insitament til å investera.
Men Saltvedt meiner bildet er meir komplekst. Eit anna problem er nettsituasjonen mange stadar, og tilgangen til å kopla seg på nettet.
– Det som også er viktig er å installera i nettkapasitet og lagringskapasitet for å få meir fleksibilitet, seier ho.
I tillegg er langsiktige og stabile rammevilkår viktig.
– Det er vanskeleg å få bedrifter eller privatpersonar til å investera i solkraft viss lovar, krav, reglar og reguleringar blir endra ofte.
72 saker til behandling
Utbygging av større solkraftverk må ha konsesjon. NVE står for konsesjonsbehandlinga. I fjor gav dei grønt lys til tolv nye solkraftverk. Ved inngangen av året ligg 72 saker til behandling.
Ein del av dei står i kø for å få tildelt saksbehandlar.
Fornybar Norge meiner saksbehandlingskapasiteten hos NVE må opp.
– Handsaminga av solkonsesjonar går for seint. Det er ein av dei mest konfliktfrie teknologiane vi har, og den lange behandlingstida bidrar til unødige forseinkingar av nye prosjekt, seier Thor Egil Braadland i Fornybar Norge.
Dei etterlyser også fleire grep for å redusera sakshandsamingstida, som klare fristar og meir digitaliserte og standardiserte prosessar.
Har oppbemanna
NVE meiner sakshandsamingskapasiteten er god, og seier til at dei har bemanna opp avdelinga dei siste åra. Dei har tatt fleire grep for å få opp tempoet, som digitalisering og betre rettleiing.
Magnus Buvik i NVE er berre delvis einig med Fornybar Norge i at konsesjonsbehandlinga tar for lang tid, og at sakene er mindre konfliktfulle enn andre.
– Det er også arealinngrep knytt til bakkeinnstallerte solkraft og i nokre område er det også avgrensing i straumnettet. Areal og kapasitet i straumnettet har ofte alternativ bruk. Det skal gjerast utgreiingar, vera folkemøte og høyringsrundar, folk skal bli høyrt. Reduserer vi det for mykje, så er ikkje det bra, seier han.
NVE skal ikkje behandla konsesjonssøknadar for solkraft under 10 MW. Desse skal behandlast av kommunen etter plan- og bygningslova.



