Solveigs salt

Keisaren av USA

Skremsel og smisk er ingen farbar veg.

Europa har hatt god tid til å innstilla seg på omorganiseringa av Nato. Det er eit kvart hundreår sidan president Bush drog forsvarsalliansen inn i dei idiotiske krigane i Afghanistan og Irak, og då Donald Trump i førre periode ville ha oss til å dekkja ein større del av utgiftene, var det eit nytt varsel om at no må me stå på eigne bein. Dessutan har ikkje USA fungert så godt som verdspoliti at det er nokon grunn til å tvihalda på det når det raknar i alle fall.

Du må være abonnent for å lese denne artikkelen

Solveigs salt

Eventyr­prin­sessa

Nokre månader etter tusenårsskiftet kunngjorde norske massemedia at kronprins Håkon Magnus hadde fast følgje med ei ung mor med ei fortid som ihuga festmenneske. Dermed var det opp til oss alle å reagera ut frå våre eigne føresetnader, enten me syntest at det var fint av han å forelska så fordomsfritt, eller at no var det på tide å avskaffa monarkiet. Som gamaldags bygdemenneske hengde eg meg særleg opp i at då Harald og Sonja kom på besøk til Mette Marit for første gong, hadde ho ikkje anna å by på enn ussel ferdigmat. Seinare har ho vist seg like urøynd med praktiske gjeremål som jenta i eventyret om dei tre mostrene. Ho hadde vakse opp langt inni skogen utan å få den opplæringa som alle kvinner måtte ha for å overleva i naturalhushaldet, og fekk seg jobb i kongsgarden eine og aleine på grunn av eit vinnande vesen. Dronninga likte henne så godt at det blei for mykje for dei andre tenestejentene, så dei sette ut rykte om at ho hadde sagt at ho kunne spinna ein diger haug med lin til garn på tjuefire timar. Det var ein forferdeleg floke å bli vikla inn i, men midt på natta kom det ei gamal kone som sa at ho kunne gjera det for henne, så sant ho ville kalla henne for moster si på sin heidersdag.

Basar

Då eg blei fødd inn i denne verda, lærte eg gradvis korleis ho er innretta, dels ved sjølvsyn, men mest av dei som kom hit før meg. Dei tvinga meg til å stå opp om morgonen, kle på meg og gå på skulen, og eg fann meg i det fordi eg forstod at det måtte til for at kvardagen skulle gå rundt. Like eins var det innforstått at det fanst mykje som ikkje var synleg til kvardags, som løver i Afrika, kvalar i havet og ufatteleg store galaksar fleire milliardar lysår borte. Sånn sett var det rimeleg nok at det kunne finnast ein Gud i himmelen òg. Men i motsetnad til løvene og stjernetåkene var han omgjeven av keisemd, og når det var juletrefest eller basar på bedehuset, måtte eg sitja still og venta på ein hard trebenk mens ein kvithåra eller skalla olding stod på talarstolen og snakka om gudelege ting i minst ein time. Aller verst var han som ikkje greidde gå ned igjen. Han prøvde fleire gonger, falda hendene, lukka auga og bad med høg røyst til Jesus.

Andre si kraft

Å laga retningslinjer for menneskeleg atferd som alle trygt kan følgja, har aldri vore lett. Til dømes gjev det dårleg utteljing når ein mann som hungrar etter nærkontakt, overfell ei kvinne med intime kjærteikn, sjølv om han berre gjer det mot den andre som han vil at den andre skal gjera mot han sjølv. Det er likevel ingen grunn til å ikkje å arbeida vidare med saka. Dei ti boda som Jahve gav Moses på Sinaifjellet, er samla om det du ikkje skal gjera, å dyrka avgudar, slå i hel, svika, juksa og lyga. Dei bryr seg svært lite om samhandling av det rausare slaget, som å stilla opp for naboane og møta framande kulturar med ope sinn. Jesus frå Nasaret prøvde å retta det opp med ekstrem sinnelagsetikk: Dersom ein mann bed om å få kappa di, gjev han kjortelen òg, og dersom han vil ha deg til å gå ei mil med han, gå to. Men det verkar ikkje som det nokon gong fall han inn at folk hadde svoltne ungar som dei måtte heim med mat til før natta fall på.