Mange trur at inuittane, eller det vi i dag kallar grønlendarar, var dei fyrste som slo seg ned på Grønland. Slik var det ikkje. Norske folk kom dit før dei. Under leiinga til jærbuen Eirik Raude nådde nordmennene Grønland i 985. Først fleire hundre år seinare kom inuittane frå Alaska, og dei var kanskje med på å drive dei norrøne busetjingane til grunne på 1400-talet.