Artikkel 5 i Nato-traktaten slår fast at eit væpna åtak på ein Nato-medlem skal sjåast som eit åtak på alle medlemer, og utløyse ei plikt for kvar av dei til å koma til assistanse. Artikkelen samsvarar med artikkel 51 i FN-charteret. Den seier at ein stat som er offer for eit væpna åtak har ein sjølvsagt rett til individuelt eller kollektivt sjølvforsvar, og kan be andre om hjelp. I Nato-samanheng tyder denne retten til sjølvforsvar ei plikt for medlemene til å yte gjensidig assistanse.