– Du skreiv i ein kommentar i VG i jula at det er stille frå innvandrarane i innvandringsdebatten, og at du trur at det er fordi dei er redde for å uttale seg. Kva er dei redde for?
– Eg har fått veldig mange tilbakemeldingar etter at eg skreiv denne kommentaren. Det er mange som rett og slett ikkje orkar meir. Dei opplever debatten som ekstremt krevjande. Retorikken er tung å stå i. Eg trur at for oss som er born av innvandrarar, som no er i 50-åra, så har vi vore gjennom dette så mange rundar. Til slutt gir vi opp. Det eg vert uroleg av, det er at ein ikkje blir erstatta av nye stemmer frå innvandrarmiljøa. Debatten om innvandring har gått i månadsvis, særleg etter valet, utan at nye røyster kjem til. Eg meiner det handlar om utmatting, men også frykt. Mange er redde for å ytre seg fordi det kostar for mykje. Det er prisen ved å vere minoritet: Det vil alltid vere mange fleire som meiner noko anna, som meiner at innvandring er eit problem.
– Korleis kostar det?
– Eg trur folk kjenner på noko dei ikkje har opplevd før. Alle eg har snakka med, opplever at noko har skifta i den norske samfunnsdebatten og i det offentlege ordskiftet. Stemninga har endra seg. Det gjer folk urolege, og eg kjenner sjølv på den uroa. Det er vanskeleg å setje fingeren på, men ein merkar det. Det handlar fyrst og fremst om retorikk, men også om politikken som no blir foreslått. Det er ikkje berre ord, det er handling òg.
– I valet i haust var Frp det nest største partiet blant innvandrarar, akkurat som blant dei som ikkje er innvandrarar. Og det er mange med innvandrarbakgrunn som engasjerer seg for ein streng innvandringspolitikk, som Abid Raja og Mahmoud Farahmand. Verkar det ikkje som at også mange med innvandrarbakgrunn no meiner at det er lurt å føre ein streng innvandringspolitikk?
–Jau, og det gjer vi. Vi har hatt ein streng innvandringspolitikk i femti år. Poenget er at debatten no er einsformig og fattig, fordi vi manglar mange stemmer. Det finst heilt klart innvandrarar som er einige i Frp sin politikk. Det er likevel noko med retorikken som folk opplever som ubehageleg. Så enkelt er det. Vi har mista noko av anstendigheita i måten vi snakkar om dette på. Mange politiske parti meiner no det same, men språket har blitt kaldare. Eg trur ikkje samfunnet tener på det, fordi konsekvensen er at minoritetsstemmene forsvinn. Når ein ytrar seg som minoritet, og seier at noko er vanskeleg, blir ein møtt med massive angrep. Det er heilt annleis enn det var på 90-talet og 2000-talet. Eg hugsar dei debattane då, og då var vi mange som stod opp for minoritetar.
– Kan det hende at debatten har endra seg fordi dei som var veldig liberale og optimistiske på 90-talet tok feil? Meiner du at innvandringa har vore heilt uproblematisk?
– Nei, det meiner eg ikkje. Vi har òg hatt ei rekkje utfordringar. 21 prosent har no innvandrarbakgrunn, og kring ti prosent har bakgrunn frå Asia og Afrika. Det er eit ganske stort tal, men dei aller fleste klarer seg fint, også dei som har bakgrunn frå Afrika og Asia. Det er eit lite mindretal som slit med integreringa, og som slit med å kome i arbeid. For meg handlar integrering først og fremst om arbeid. Får vi folk i jobb, har vi lukkast. Men ansvaret ligg ikkje berre hos innvandrarane. Mange vil og kan jobbe, men det finst ikkje jobbar til dei.
«Vi har mista noko av anstendigheita i måten vi snakkar om dette på.»
— Shazia Majid, kommentator i VG
– 24 prosent av kvinner med bakgrunn frå Somalia er i fulltidsjobb eller studiar. Dette er ei gruppe som har vore her sidan nittitalet, og det er den største ikkje-vestlege innvandrargruppa. For menn frå Somalia er talet litt over førti prosent. Er det berre fordi dei ikkje får jobb? Er det ikkje stor mangel på folk i næringslivet?
– Det er ein mismatch mellom dei jobbane som finst og arbeidskrafta som er tilgjengeleg. Eg har kjempa for at fleire innvandrarkvinner skal ut i arbeid i over ti år. Det er det viktigaste integreringstiltaket vi har. Vi må stille krav, men det må også finnast reelle moglegheiter. Mange av dei jobbane som før var inngangsjobbar for innvandrarkvinner, har blitt tekne over av arbeidsinnvandring frå Aust-Europa. Krava har blitt høgare. Poenget mitt er: Vi kan stille krav, men då må det vere plass til folk. Integrering krev innsats frå både storsamfunnet og dei som skal integrerast.
– Så det er ikkje nokre kulturelle forklaringar på at 24 prosent av somaliske kvinner er i fulltidsjobb medan prosenten er mykje høgare blant ein del andre innvandrargrupper?
– Jau, det finst kulturelle aspekt. Mange kvinner får ikkje lov til å jobbe. Eg har skrive mykje om patriarkatet og korleis det spelar inn. Men det er ikkje uløyseleg. Vi såg det same blant pakistanske kvinner i generasjonen til mor mi. I dag er døtrene deira i arbeid.
Kultur betyr noko, men han verkar saman med økonomi, utdanning og levekår. Poenget er at vi kan snakke om alt dette, men på ein skikkeleg måte. Å seie at enkelte kulturar ikkje høyrer heime her, er både feil og intellektuell latskap. Når folk pratar om innvandrargrupper som ikkje passar inn, så pratar dei eigentleg om muslimar. Det forstår vi, og det er diskriminerande.
– Klassekampen har tidlegare skrive at mange ungdommar med innvandrarbakgrunn ikkje ser på seg sjølv som norske. Sjølv om dei er andre, eller til og med tredje generasjon innvandrarar. Er det mogleg å byggje eit samfunn og ein nasjon utan eit fellesskap?
– Korleis vi snakkar om kvarandre, formar samfunnet vårt. Ein av konsekvensane av den harde retorikken er at vi framandgjer våre eigne barn. Når ungdom veks opp og ikkje kjenner seg norske, er det alvorleg. Ei felles kjensle av tilhøyrsle er heilt grunnleggjande. Du kan ha mange identitetar – muslim, med pakistansk bakgrunn – alt det er greitt. Men du må kjenne at du høyrer heime her. Det er kjernen i det eg er oppteken av.



