Carl S Bjurstedt har delt denne artikkelen med deg.

Carl S Bjurstedt har delt denne artikkelen

Bli abonnent
Innvandring

Han fryktar at alt raknar

Folk må slutte å spørje seg om kva Frp meiner og byrje å spørje kva som er lurt i innvandringspolitikken, seier Ola Svenneby.

UROA: Ola Svenneby på Høgres valvake i fjor. Foto: Heiko Junge, NTBUROA: Ola Svenneby på Høgres valvake i fjor. Foto: Heiko Junge, NTB

Høg innvandring skapar skiller i samfunnet, som kan utfordre den norske samfunnsmodellen, meiner Ola Svenneby, som er innstilt som ny nestleiar i Høgre.

Han meiner at folk misforstår når dei trekkjer fram enkeltdøme på innvandrarar som er godt integrerte eller har fått seg ein god jobb.

– Det er fordummande. MDGs Eivind Trædal snakkar om at vi treng arbeidskraft, men poenget er at innvandring i seg sjølv kan utløyse behov for meir arbeidskraft: meir sosialhjelp, større kommunale utgifter og meir press på tenester og infrastruktur. Det må jobbe fleire folk i butikken og alle andre stader, seier han.

Svenneby peikar mellom anna på at sysselsettingsgraden blant ein del innvandrargrupper er så låg at han meiner summen vert negativ, sjølv om nokre er i full jobb.

– Dette gjeld ikkje arbeidsinnvandrarar, men flyktningar og dei som kjem på familiesameining. Det må få konsekvensar for politikken, seier han.

Parallellsamfunn

For å gjere noko med utfordringane tek Svenneby no til orde for ei rekkje innstrammande tiltak:

  • Skuleklassar bør ikkje ha ein for låg del norsk­språklege elevar.
  • Flyktningar og asylsøkjarar skal ikkje verte busett der det allereie er mange innvandrarar.
  • Det skal kome få kvoteflyktningar, og det skal bli vanskelegare å få familie­sameining.

– Det handlar særleg om busetnadspolitikk og tempoet i innvandringa. Eit konkret spørsmål er kvar dei kommunale bustadene skal liggje, seier han.

Kva slags konkrete problem meiner du innvandring skaper i dag?

– Høg innvandring vil føre til eit utanforskap som over tid er ei utfordring for heile samfunnsmodellen. Det handlar om samhald i landet og tillit til det politiske systemet. Høg innvandring er avgjerande for å forstå kvifor Trump har fått veksa fram. Sjå kva dette kostar for lokalsamfunna: Det er ufatteleg dyrt. Og er det den beste måten å hjelpe folk på flukt på? Svaret er nei, seier Svenneby og legg til:

– Vi kan få religiøse parallellsamfunn, samstundes som sysselsetjingsgraden er låg. Det er ein farleg kombinasjon.

Ikkje taktikk

Dei siste vekene har både Senterpartiet og Arbeidarpartiet også teke til orde for ein kraftig innstramming i innvandringspolitikken.

Statsminister Jonas Gahr Støre sa til Klassekampen før jul at det kan vere naudsynt å endre den europeiske menneskerettskonvensjonen for å gjere det mogleg å kaste ut fleire kriminelle innvandrarar, og regjeringa har varsla ei kraftig skjerping av reglane for familiesameining.

På raudgrøn side er det fleire som har kritisert dei to partia for å dilte etter ytre høgre.

Svenneby seier at han mislikar slike skuldingar.

– Eg meiner at det er heilt feil å sjå på dette som ei taktisk vurdering. Vi må spørje oss kva utfordringar vi ynskjer å løyse og korleis vi skal klare det. Den norske samfunnsmodellen toler ikkje store, varige skiljeliner. Modellen vår krev ei form for verdimessig integrasjon, seier han.

At fleire parti no er for ein streng innvandringspolitikk, tykkjer han er bra.

– Folk må slutte å spørje seg om kva Frp meiner og byrje å spørje kva som er lurt.

– VG-kommentator Shazia Majid skreiv i jula at mange med innvandrarbakgrunn er redde for å delta i denne debatten, og at måten debatten går føre seg på, i seg sjølv er ekskluderande. Er ikkje det eit problem om du er uro over samhaldet i samfunnet?

Eg er samd i at debatten ikkje må verke ekskluderande for dei som har ein annan bakgrunn, og som ikkje har noko anna ønske enn å bli ein del av det norske fellesskapet. Likevel er ønsket om å inkludere inga orsaking for å hoppe bukk over viktige debattar. Eg er uroa for at opplevinga av å vere mann i Finnmark kan bli altfor ulik opplevinga av å vere kvinne på Løkka.

Æreskrim

Svenneby meiner at særleg partia SV og MDG no skil seg ut med ein naiv og dårleg innvandringspolitikk.

– SV og MDG meiner at alt går veldig fint. Skal vi sitje og vente på at problema blir endå større? At nokon avvik frå samfunnsnormene i seg sjølv ikkje er eit problem? Problemet oppstår når det veks fram miljø som aktivt stiller seg utanfor fellesskapet. Æreskriminalitet og negativ sosial kontroll er blitt meir vanleg i enkelte miljø. Spør ein dei som jobbar med sosial kontroll, får ein høyre at utviklinga går i feil retning, seier han og legg til:

– Når nokre moskear i Oslo deler ut handbøker om korleis ein ikkje skal omgåast ikkje-muslimar, er det ei aktiv oppmoding om å ikkje bli ein del av det norske fellesskapen.

-

Retting 2. januar: Opprinnelig sto det i denne saken at Ola Svenneby er lei av at folk forteller anekdoter om snille og godt integrerte innvandrere. Det stemmer ikke. Han advarer imidlertid mot å bruke enkeltstående historier som bevis for innvandringspolitikken man ønsker. Det sto også i denne saken at Svenneby mener at innvandring er en trussel mot fellesskapet, samholdet og nasjonen. Det er upresist. Han mener at høy innvandring skaper skiller i samfunnet som kan utfordre den norske samfunnsmodellen. Dette er nå rettet.

Retting 2. januar: I intervjuet sa Ola Svenneby opprinnelig at SV nærmest har alliert seg med reaksjonære islamister. SV rakk ikke å svare på dette før avisa gikk i trykken torsdag, derfor tok vi ut sitatet. Ved en inkurie kom det likevel med som et uthevet sitat. Dette er nå fjernet.

Lyst å lese mer fra Klassekampen?

Bli abonnent

Du kan enkelt registrere deg med

Innenriks

Olje

LO pressar på for å dra Wisting-utbygginga heim til norsk leverandør­industri. Norsk Industri meiner det også er geopo­li­tiske grunnar til å velja norsk industri.

Helse

Helse­mi­nister Jan Christian Vestre (Ap) lover tre mil­li­arder kroner årlig til KI i helse­tje­nesten. Yngre legers forening deler ikke tekno­logi­op­ti­mismen.

Arbeidsliv

Lønns­ge­neral: Lønna skal opp i 2026