Solveigs salt

Dei gode mennene

Tap av status gjev rom for endring.

Bilde: Wikimedia commons Bilde: Wikimedia commons

Det heitte seg at kalifen Harun al Rashid brukte rusla omkring i Bagdad på kveldstid, kledd som ein mann av folket. Såleis fekk han ein kunnskap om vanlege menneske som aldri kunne nå fram til ein opphøgd herskar.Den kloke og vakre fjernsynsserien «Ølhunden Berit» byggjer på den same tematikken ved å la ein middelaldrande osloborgar kamuflera seg med kjole og blond parykk. Sjølv om han berre gjer det for å sleppa unna den negative merksemda han har pådrege seg gjennom kvinnefiendtleg trolling på nettet, gjer den nye innsikta han til ein betre mann.

Du må være abonnent for å lese denne artikkelen

Solveigs salt

Flyt

Meir enn halve livet hadde gått då eg skjøna at eg hadde innretta meg med låg inntekt, eit ganske lite hus og bil på deling med mannen min fordi det er min natur å styra unna rikdom. Endå eldre måtte eg bli før det gjekk opp for meg kor mykje lukke som ligg i å halda tilværet sitt ved like. Men heldigvis har eg visst det ganske lenge no, at for ein levande kropp er det ei glede i seg sjølv å dra si eiga vekt, og å balansera i stigar og krypa på hender og kne og vera så i harmoni med målinga på penselen og planterøtene i molda at tida forsvinn og sansing og handling er alt som finst. Ein sommardag sat eg ved restane av ein temmeleg mismodig lunsj på hytta hos ei lita kvinne som hadde reist seg frå bordet for meir enn eit kvarter sidan og ikkje kome tilbake. Så høyrdest det skingrande skrik frå annekset oppi bakken av trevirke som blei brote laus med kubein. Eg snudde meg i stolen og såg med undring og age at ut gjennom ei vindaugsopning så smal at det var eit under at ikkje ruta blei knust, kom det sendande ein straum av fjøler og stokkar med lange spikrar frå nokre demonterte køyesenger. Det neste eg gjorde, var å finna meg ein slipemaskin og kopla han til eit aggregat og gå ned på alle fire der inne på golvet. Dei følgjande dagane svevde me begge to på ei sky av arbeidslyst, til det blei laurdagskveld og me gjekk ned til elva og bada. Det finst ein luksus som berre er for dei skitne og gjennomsveitte, under lauvtunge greiner som heng lågt over strøymande vatn.

Slave­øko­nomi

Bibelen fortel om korleis jøden Moses fekk overlevert ein bråte med rituelle og moralske forskrifter frå guden Jahve på Sinai berg. Han var særleg nøye med at israelsfolket ikkje måtte ta imot kulturimpulsar frå innbyggjarane i det landet dei hadde invadert. Og når han først var i gang, sette han òg opp den lista med ti bod som blir nytta i lett omarbeidd form i kristendomsopplæringa enno i dag. Jahve var ingen allmektig far i himmelen, snarare ein sosial entreprenør som prøvde å byggja opp ein lydig flokk i eit Midtausten der det var mange store og mektige gudar frå før. Når det første bodet seier at du ikkje skal ha andre gudar enn han, viser han at han veit at han har mange konkurrentar, og må samla tilhengjarane sine med å nekta dei å knyta seg til andre enn han sjølv. Forbodet mot fleirguderi er følgt opp med ei påfallande islamistisk kriminalisering av kunst: Dersom du lagar eitt eller anna slags bilete, same kva det no skal førestella, vil Jahve straffa både deg og barna dine svært hardt. Deretter følgjer nokre kvardagslege levereglar om å unngå vald og juks som folk flest ikkje treng nokon overnaturleg instruks for å forstå at dei må retta seg etter om dei vil leva i fred med einannan. Men det siste bodet, det om at du ikkje skal trå etter «kona åt næsten din, eller drengen eller tenestgjenta eller uksen eller asnet hans eller noko anna som høyrer næsten din til», avslører ein djup interessekonflikt mellom rike og fattige. For kva ville skje dersom tenestefolka på grannegarden var misnøgde med sjefen sin og av eigen fri vilje kom og sa at dei heller ville arbeida hos deg? Det kunne dei ikkje, fordi dei var trælar.

Rikdoms­forakt

Sveits er eit fint land, og ein kan sikkert leva like godt der som i Noreg, bortsett frå at det er vanskeleg å fatta korleis folk frivillig kan gje avkall på kysten og det opne havet berre for å sleppa å betala skatt. Å emigrera av økonomiske årsaker er ein forseinka reaksjon på eit problem som ikkje finst lenger, for ingen ville ha svolte i hel om dei var blitt verande heime, eller blitt tvangsutskrivne til krigsteneste for eit kongedøme som ikkje gav noko tilbake. Eg forstår det litt betre når eg minnest at då eg var barn, trudde eg at eg hadde lyst til å bli rik, slik folk var i bøker og på film, der spenninga ofte var knytt til tap av formue, og ein god slutt innebar full tilbakebetaling. Særleg verka pengebingen til Onkel Skrue normdannande: Når B-gjengen sprengde seg gjennom fleire meter tjukke betongmurar og røva med seg tonnevis med myntar og setlar, reagerte den unge lesaren som ein trugen forsvarar av storkapitalen. Trass i at Donald og Ole, Dole og Doffen berre fekk ei krone i timen for å henta alle fantasillionane heim igjen, kjentest det som ei rettvis gjenoppretting av ein universell harmoni. Likevel snubla eg inn eit yrke som garantert ikkje ville gje meir enn middels velstand, og eg forelska meg aldri i unge menn med stor innteningsevne. Og sånn har det halde fram: Kvar gong eg har stått ved ein krossveg, har eg styrt i den retninga som førte til ringast avkasting. Ikkje fordi eg elska fattigdomen, slik Frans av Assisi skal ha gjort, men ganske enkelt fordi det fall seg slik. Men om det ikkje har lønt seg reint pengemessig, har det heller ikkje straffa seg. Tvert om undrar eg meg rett som det er over at livet mitt er så luksuriøst.