Solveigs salt

Kyrkja er eit hus

Jesus oppsøkte syndarane i det naturlege habitatet deira.

Før om åra gjekk nesten alle norske skulebarn til gudsteneste før jul. Om det ikkje var frivillig, var det i det minste eit omskifte, med benker i staden for pultar og Jesus på korset der det elles hang ei tavle med svamp og kritt.

Du må være abonnent for å lese denne artikkelen

Solveigs salt

Rikdoms­forakt

Sveits er eit fint land, og ein kan sikkert leva like godt der som i Noreg, bortsett frå at det er vanskeleg å fatta korleis folk frivillig kan gje avkall på kysten og det opne havet berre for å sleppa å betala skatt. Å emigrera av økonomiske årsaker er ein forseinka reaksjon på eit problem som ikkje finst lenger, for ingen ville ha svolte i hel om dei var blitt verande heime, eller blitt tvangsutskrivne til krigsteneste for eit kongedøme som ikkje gav noko tilbake. Eg forstår det litt betre når eg minnest at då eg var barn, trudde eg at eg hadde lyst til å bli rik, slik folk var i bøker og på film, der spenninga ofte var knytt til tap av formue, og ein god slutt innebar full tilbakebetaling. Særleg verka pengebingen til Onkel Skrue normdannande: Når B-gjengen sprengde seg gjennom fleire meter tjukke betongmurar og røva med seg tonnevis med myntar og setlar, reagerte den unge lesaren som ein trugen forsvarar av storkapitalen. Trass i at Donald og Ole, Dole og Doffen berre fekk ei krone i timen for å henta alle fantasillionane heim igjen, kjentest det som ei rettvis gjenoppretting av ein universell harmoni. Likevel snubla eg inn eit yrke som garantert ikkje ville gje meir enn middels velstand, og eg forelska meg aldri i unge menn med stor innteningsevne. Og sånn har det halde fram: Kvar gong eg har stått ved ein krossveg, har eg styrt i den retninga som førte til ringast avkasting. Ikkje fordi eg elska fattigdomen, slik Frans av Assisi skal ha gjort, men ganske enkelt fordi det fall seg slik. Men om det ikkje har lønt seg reint pengemessig, har det heller ikkje straffa seg. Tvert om undrar eg meg rett som det er over at livet mitt er så luksuriøst.

Dei gode mennene

Det heitte seg at kalifen Harun al Rashid brukte rusla omkring i Bagdad på kveldstid, kledd som ein mann av folket. Såleis fekk han ein kunnskap om vanlege menneske som aldri kunne nå fram til ein opphøgd herskar.Den kloke og vakre fjernsynsserien «Ølhunden Berit» byggjer på den same tematikken ved å la ein middelaldrande osloborgar kamuflera seg med kjole og blond parykk. Sjølv om han berre gjer det for å sleppa unna den negative merksemda han har pådrege seg gjennom kvinnefiendtleg trolling på nettet, gjer den nye innsikta han til ein betre mann. I det verkelege livet skjer slike forvandlingar rett som det er, utan skifte av kjønn. Alt som skal til, er at ein herskesjuk person plutseleg forstår at han må endra atferd dersom han ikkje skal bli dumpa av sine nærmaste. Men fordi åndslivet frå gamalt er knytt til ei livsforståing der det gjeld om å få godkjenning av ei faderleg allmakt på kostnad av kvinner og barn, hender det sjeldnare i bøker og på film. Derfor må den tragiske rollefiguren Tom flyttast ned på eit komisk plan før han kan gje avkall på den patriarkalske identiteten. Der er det meir rom for det uventa og ureglementære, og publikum kan godta at han blir eit ekte medmenneske. Den slags kunne aldri skjedd i eit meir seriøst verk som «Peer Gynt», for det er det overdimensjonerte sjølvbiletet som gjer at Peer blir teken på alvor.

Innbilt fange

Det fanst ingen i nærmiljøet som naturbarnet Cathrine Morland kunne forelska seg i. Men når ei ung dame er meint til å bli heltinne, kan ikkje motstanden frå førti sedate grannefamiliar hindra det. Noko må og vil henda som slengjer ein helt framfor føtene på henne. «Northanger Abbey», som kom ut i 1818, er den siste romanen til Jane Austen, og samtidig den første, for han er skriven på grunnlag av det upubliserte ungdomsverket «Susan». Det er ei underfundig bok der den modne forfattaren kommenterer handlinga over hovudet på den unge, som ein dramatikar som står midt på scena og forklarer kva dei medverkande held på med. For å få fart på handlinga inviterer eit par vener av familien Morland den sytten år gamle Cathrine med til badebyen Bath, der marknaden er større og utvalet betre. Der ute i den store verda finst det sjølvsagt òg ein og annan sadistisk adelsmann som liker å tvinga unge damer med til avsidesliggjande gardar. Men mor til Cathrine veit ingenting om den slags, og formanar henne berre om å kle seg varmt når ho kom heim frå dans, og ikkje å la pengebruken gå heilt over styr. Lesarar med fast tru på den sosiale kontrollen på attenhundretalet kan knapt unngå å undra seg over kor fritt denne uerfarne tenåringen får lov til å renna omkring.