Truls Gulowsen har delt denne artikkelen med deg.

Truls Gulowsen har delt denne artikkelen

Bli abonnent
Statsbudsjettet

–Ap er mykje verre enn før

Avstanden mellom SV og Ap har aldri vore større enn i år, seier SV-nestleiar Lars Haltbrekken. No tar partiet ein pause i budsjettforhandlingane.

KREVJANDE: Her er nestleiar i SV Lars Haltbrekken under ein demonstrasjon framfor Stortinget i fjor. No tykkjer han at det er krevjande å forhandle for SV. Foto: Christopher OlssønKREVJANDE: Her er nestleiar i SV Lars Haltbrekken under ein demonstrasjon framfor Stortinget i fjor. No tykkjer han at det er krevjande å forhandle for SV. Foto: Christopher Olssøn

Etter to veker med budsjettforhandlingar blei samtalane mellom dei fem raudgrøne partia sette på pause fredag, etter initiativ frå SV.

Partiet har forhandla fram budsjett med regjeringa i heile perioden frå 2021 til 2025. Men forhandlingsrunden i haust skil seg ut, seier SV-nestleiar Lars Haltbrekken til Klassekampen.

Dragkampen dei siste vekene har rett og slett vore mykje meir krevjande enn det SV opplevde i førre stortingsperiode, seier han.

– Ap er mykje verre. Det er eit iskaldt og steinhardt Ap vi møter i forhandlingane no, seier Haltbrekken.

– Korleis då?

– Det har overraska oss kor vanskeleg det er å få Ap med på sosiale ytingar og på å reversere usosiale kutt. Arbeidslinja, skatteløftet og ein merkeleg innvandringsmotstand legg ramma heile vegen, seier Haltbrekken.

– Strekt seg langt

Klassekampen har forsøkt å få ein kommentar frå forhandlingsleiar for Arbeidarpartiet Tuva Moflag, men har ikkje lukkast med det.

Det var kommunikasjonssjef Espen Løkeland-Stai som fredag ettermiddag varsla at partiet tek pause frå budsjettsamtalene.

– SV har strekt seg langt i forhandlingane med regjeringa, seier han til NRK.

Han trekk fram velferd, miljø og solidaritet som områda der partia ikkje har klart å finne felles løysingar.

– Vi tar derfor ein pause i forhandlingane og kjem tilbake når Ap viser oss tilstrekkeleg vilje til å komme oss i møte, seier han.

Kutt blir reversert

Fristen for å bli samde om eit nytt statsbudsjett er fyrstkomande søndag.

Klassekampen får opplyst av ei kjelde tett i prosessen at det går mot at SV, MDG, Raudt og Senterpartiet saman har fått gjennomslag for å reversere Arbeidarpartiet sitt forslag om at barnetrygda skal verte trekt frå sosialhjelpa.

Det er eit forslag Ap-regjeringa kom med i sitt forslag til statsbudsjett tidlegare i haust, men som også KrF og Venstre har teke til orde å fjerne.

Alle desse partia meiner nemleg at kuttet er usosialt, og at folk som er i så stor naud at dei treng sosialhjelp, bør få halde på barnetrygda si.

«Arbeidslinja, skatteløftet og innvandringsmotstand legg ramma heile vegen.»

Lars Haltbrekken, nestleiar i SV

Klassekampen får opplyst at dei fire raudgrøne småpartia er frustrerte over kor mykje tid Arbeidarpartiet har nytta i budsjettforhandlingane på å kjempe mot ei endring av ordninga.

Det var SV som i 2021 fekk gjennomslag for at barnetrygda ikkje skal vere ein del av utrekninga når Nav reknar ut kor mykje sosialhjelp du skal få. Arbeidarpartiet har sjølv trekt fram endringa som positiv på sine nettsider, men i regjeringa sitt forslag til statsbudsjett i haust var endringa vekke.

– Det har vore frustrerande at Arbeidarpartiet held fram med å ville rane fattige familiar. Ap må innsjå at det nye fleirtalet på Stortinget ikkje kjem til å akseptere eit kjipt budsjett som rett og slett pissar på dei som sit nedst ved bordet, seier Haltbrekken.

Langt frå kvarandre

Også MDG fortel at dei ulike partia no står langt frå kvarandre.

«Vi står langt fra hverandre og trenger fortsatt store innrømmelser for å komme til enighet. Det må skje store endringer om dette skal komme i mål», skriv MDG-leiar Arild Hermstad i ei tekstmelding til Klassekampen.

Klassekampen og fleire andre medium har skrive at MDG har møtt stor motstand frå Senterpartiet og Arbeidarpartiet på sitt krav om at budsjettpartia skal vedta ein plan for utfasing av norsk olje.

Senterparti-leiar Trygve Slagsvold Vedum var på si side ute i VG i går og fortalde at dei tykkjer det er frustrerande at MDG brukar forhandlingane om statsbudsjett på noko som eigentleg ikkje har noko med statsbudsjettet å gjere.

Klassekampen har tidlegare fått opplyst at det er «totalt uaktuelt» for Senterpartiet å gå med på ein slik plan for utfasing av olje.

Lyst å lese mer fra Klassekampen?

Bli abonnent

Du kan enkelt registrere deg med

Politikk

Statsbudsjett

Stats­mi­nis­teren forstår ikke godt nok sine rødgrønne samar­beids­part­nere, mener parti­le­derne i MDG og SV.

Politikk

Rødts Mímir Kristjáns­son tar avstand fra svart­ma­ling av budsjett­av­talen med Ap. – Det er ikke hver dag det innføres nye velferds­re­former i Norge, sier han.

Ukraina

Trur «freds­pla­nen» kan føre til ei ny innvand­rings­bølgje i Europa