DebattNationaltheatret

Når det koker i teateret

Tenk deg ein fredag ettermiddag i Oslo sentrum, nærare bestemt i og ved Nationaltheatret. Om ein times tid er det premiere på hovudscena. På båe biscenene er det også framsyningar denne kvelden. Heile bygget er ei sydande gryte. I garderoben og sminka er det nervøs og oppglødd stemning. Blomsterbukettane har alt tatt til å kome. I foajeen er det fullt av forventingsfulle publikummarar. Nokre skal på Hovudscena, andre på Amfi. Og nokre som skal på Malersalen held varmen i foajeen medan dei ventar på å bli sleppte inn. Teaterbaren er opna og folk snakkar saman. Dei møter tilfeldigvis ein nabo eller ein kollega, og avtalar eit glas eller eit måltid etter framsyning på ein av serveringsstadane i nærleiken. Seinare på kvelden blir det utveksla inntrykk og opplevingar. Og ho som var på Malersalen, fekk lyst til å gå på Hovudscena etter å ha høyrt kva naboen fortalde om den oppsetjinga. I fleire timar formeleg koker det i og rundt teateret.

Du må være abonnent for å lese denne artikkelen

Debatt

Litteratur

Utan eit vondt ord

Kjære Berit, Som du og dine utgivarar på forlaget Lord Jim har gitt utfyllande greie for, er mine synder tallause som havets sand, som haustens lauv. Utan eit skeivt ord til deg og dine utgivarar må eg lasta meg sjølv for at eg svara ja, då du spurde om eg ville skriva om faksdialogane. Så formasteleg å skriva meg inn i hyllinga av karikaturteikningane til Enstad, Rickhard og Torvund! Ikkje minst så forfengeleg å tru på godorda til deg og utgivarane dine om skriftstykket mitt! Så tankelaus eg kunne vera, som å dela lovtalen med eit større publikum i Klassekampen. Og så forbrytarsk av meg å illustrera hyllinga med teikningar eg har fått tilsendt. Utan eit skeivt ord til deg og dine utgivarar lovar eg aldri å gjera det igjen. Ola Enstad var berre ein papirhaug, det har eg nå bittert fått erfara. Og eg som har gleda meg over at nekrologen hans hang på veggen på verkstaden til Leonard Rickhard, og diktet Svevet gjennom steinen om kunsten hans låg på skrivebordet då Leonard døydde. For meg er det til stendig trøyst at orda mine har vore med på å prega arbeidsdagen til den store biletkunstnaren i Arendal. Eg ber det med meg som eit tent lys. Det seier eg utan eit vondt ord til deg og dine utgivarar. Som du veit, er Ola Enstad grunnen til at eg blei kjend med deg og Leonard.

Kultur

Bil­lett­kjøp som lotto?

Billettene til populære norske artister blir revet bort før man rekker å si «Toyota’n til Magdi». De raske salgene til Highasakites kirkekonserter, Karpes konserter i Oslo Spektrum og klubbturneen i 2028 reiser et dilemma: Et billettsystem som er åpent for alle, kan likevel virke ekskluderende. Ved populære billettslipp må kjøperen være tilgjengelig på et bestemt klokkeslett og kunne gjennomføre kjøpet raskt. Det kan være vanskelig for dem som er på jobb, har omsorgsoppgaver eller bruker digitale hjelpemidler. En nettside kan være universelt utformet, samtidig som tidspresset skaper en ny barriere. Norske Kulturarrangører skriver i Tilgjengelighetshåndboka at mange med funksjonsnedsettelse møter den første hindringen allerede ved billettbestillingen. Attitude is Everything har satt søkelys på det samme gjennom «Ticketing Without Barriers». I en undersøkelse fra 2018 svarte 82 prosent av over 300 respondenter at de hadde hatt problemer med å bestille tilrettelagte billetter.

Politikk

Fortell hele historien, Fiskaa

Fredag 18. september forteller Ingrid Fiskaa Klassekampens lesere om årsaken til SVs markante framgang i Groruddalen og Søndre Nordstrand ved stortingsvalget i 2025. Gjennombruddet skyldtes Palestina-saken. SVs representanter vant stemmer med et løfte om å ikke å forhandle om statsbudsjettet før oljefondets investeringer i israelske selskap var stanset. Ultimatumet ble brutt ved første anledning, etter valget. Den som forteller historien, former framtida, er overskriften på Fiskaas innlegg. Da bør man fortelle hele historien, som er at SV i 2025 demonstrerte at heller ikke politikere på venstresiden er til å stole på.