Tenk deg ein fredag ettermiddag i Oslo sentrum, nærare bestemt i og ved Nationaltheatret. Om ein times tid er det premiere på hovudscena. På båe biscenene er det også framsyningar denne kvelden. Heile bygget er ei sydande gryte. I garderoben og sminka er det nervøs og oppglødd stemning. Blomsterbukettane har alt tatt til å kome. I foajeen er det fullt av forventingsfulle publikummarar. Nokre skal på Hovudscena, andre på Amfi. Og nokre som skal på Malersalen held varmen i foajeen medan dei ventar på å bli sleppte inn. Teaterbaren er opna og folk snakkar saman. Dei møter tilfeldigvis ein nabo eller ein kollega, og avtalar eit glas eller eit måltid etter framsyning på ein av serveringsstadane i nærleiken. Seinare på kvelden blir det utveksla inntrykk og opplevingar. Og ho som var på Malersalen, fekk lyst til å gå på Hovudscena etter å ha høyrt kva naboen fortalde om den oppsetjinga. I fleire timar formeleg koker det i og rundt teateret.