Den tyske industrien slit, og no har regjeringa der bestemt seg for å ta drastiske grep.
Nyheitsbyrået AP skriv at forbundskanslar Friedrich Merz denne veka varsla at den kraftkrevjande industrien i Tyskland skal få subsidiert kraft til fem eurocent per kilowattime. Det tilsvarer 59 øre.
Varg Folkman er analytikar i den europeiske tenkjetanken European Policy Center. Han seier at alle detaljane om korleis det skal skje, ikkje er klare, men at det truleg vil skje innanfor ei ordning som heiter Clean industrial state aid framework (CISAF).
– Det er opna for å gje mellombels støtte til kraftkrevjande industri. Føresetnaden er at støtta skal vere mellombels, og at du ikkje kan differensiere mellom ulike selskap. Truleg må du gje støtte til alle, eller til ein heil industri, seier han.
Meir subsidiar
Tradisjonelt har Tyskland vore den viktigaste industrinasjonen i Europa. Dei siste åra har økonomien i landet stagnert fullstendig, og i 2023 og 2024 gjekk bruttonasjonalproduktet nedover i staden for oppover.
Bakteppet er både krigen i Ukraina og at energiomstillinga som har gått føre seg dei siste åra, har ført til høgare straumprisar. Det får store konsekvensar, og subsidiepakken som no vert varsla, er eit forsøk på å blåse liv att i økonomien.
Folkman fortel at det føyer seg inn i ei utvikling der direkte industrisubsidiar frå ulike europeiske land vert meir og meir vanleg.
– Før pandemien var subsidienivået mykje lågare. No har det mangedobla seg. Regelverket har vorte kraftig liberalisert, og det har rett og slett vorte enklare for EU-land å få lov til å drive med subsidiar. Det gjeld særleg innanfor rein teknologi og avkarbonisering, seier han.
Det er likevel ikkje slik at alle er fornøgde med det.
– Frykta er at det skal bli ein indre konkurranse om å gje subsidiar. Sidan pengane ikkje kjem frå sentralt hald, er det kvar stat for seg sjølv. Og dei største statane er dei som har djupast lommer og kan gje mest. Tyskland, Frankrike og Italia er dei som gjev klart mest. Samstundes er det nokre land, som Sverige og Nederland, som har meir tru på marknadsbaserte ordningar. Dei er redde for at dei ikkje har råd til å halde følgje med dei store nasjonane, seier Folkman og legg til:
– Dette er det kontinuerleg debatt om i EU. Retninga er heilt klar, nemleg at det ser ut til å bli meir vanleg med subsidiar til industrien.
Moxnes jublar
Utanrikspolitisk talsperson i Raudt Bjørnar Moxnes meiner det er gledeleg at Europa ser ut til å verte meir opne for å nytte subsidiar til eigen industri.
Noreg har nemleg mykje kraftkrevjande industri, og Raudt meiner at dei stigande straumprisane er eit minst like stort trugsmål mot industribedrifter som Hydro, Yara og Elkem som det er for tysk industri.
– Det at andre europeiske land opnar verktøykassa si for å tryggje industrien, viser at det ikkje finst nokon grunn til at Noreg ikkje skal gjere det same. Det var slik me bygde landet her i Noreg også, seier han.
Norske industribedrifter har sjølve etterlyst at regjeringa gjer meir for å trygge stabile og låge kraftprisar.
Store delar av norsk kraftkrevjande industri har tilgang til kraft anten gjennom lange kontraktar eller gjennom kraftverk som dei eig og driv sjølv.
Næringa er likevel uroa for at situasjonen skal bli krevjande når dei langsiktige kontraktane byrjar å gå ut.

– Ap er så redde for at noko kanskje skal vere EØS-stridig. Noreg er den lydigaste eleven i ein klasse som det norske folket har sagt nei takk til å vere med i to gonger, seier Moxnes.
Han tykkjer at det er særleg interessant at Tyskland no er det landet som leiar an i å subsidiere.
– Tyskland er industrilokomotivet i Europa, og no vil dei innføre industrikraft. Det er fordi dei forstår at det er naudsynt. Det er naudsynt fordi energiprisane har gått i taket – både på grunn av Putins krig og på grunn av ein mislukka energipolitikk.
Denne veka vart det klart at norsk ferrolegeringsindustri hamnar på utsida av ei ny ordning med beskyttelsestiltak som EU-kommisjonen har vedteke.
Moxnes og Raudt har meint at det å tilby den industrien rimeleg straum kan vere eit relevant mottiltak om det nye EU-regimet skaper problem.
– Sjå på korleis Kina byggjer landet sitt. Sjå på USA, med både Biden og Trump, og sjå på EU. Det er snart berre Noreg som tviheld på at statleg industripolitikk er det verste som finst. Skal me sitje her oppe i nisseluelandet og berre halde fram med å vere meir katolske enn paven? Når paven sjølv byrjar med industrikraft, bør me følgje etter, seier Moxnes.
Frp er nyfikne
Nestleiar i Frp Hans Andreas Limi seier at også dei merkar seg utviklinga i Tyskland, og dei tykkjer det er interessant.
No gjeld det for Noreg å både følgje og henge med, seier Limi.
«Det er snart berre Noreg som tviheld på at statleg industripolitikk er det verste som finst.»
— Bjørnar Moxnes, utanrikspolitisk talsperson i Raudt
– Me har jo lenge meint at me må ha ei straumstøtteordning for næringslivet. Det er ingen tvil om at det som no skjer i Europa, gjer det endå meir viktig og endå meir naudsynt at regjeringa kjem på banen her, seier han.
Limi fortel at Frp ikkje har noko konkret straumstøtteordning i sitt alternative statsbudsjett, fordi dei ventar på at regjeringa skal kome med eit forslag.
Klassekampen har forsøkt å få kontakt med energiminister Terje Aasland, men har ikkje lukkast med det.
Vil gjere meir
Også Senterpartiet og energipolitisk talsperson Maren Grøthe tykkjer det som skjer i Tyskland no er bra.
– Eg har stor forståing for at land ynskjer å ta større grep for å sikre rimeleg straumpris til industrien sin. Også i Europa har dette vore eit stort konkurransefortrinn og lagt grunnlaget for europeisk industri.
Grøthe meiner at Noreg må bli flinkare til å utforske handlingsrommet som ligg i EØS-avtala, og at det då kan vere verdt å sjå til kva Tyskland no gjer.
– Senterpartiet ønskjer å ta slike grep i Noreg, men me har møtt ei kald skulder frå Arbeidarpartiet. Dei seier alltid at det er i strid med EØS, men viss Tyskland kan gjere det, må også Noreg kunne gjere det.
– Kva er det som hindra dykk frå å gjere dette då de sat i regjering?
– Eg opplever at både Ap og Høgre er for systemtru i industripolitikken. Me ønskjer å ta kontroll over straumeksporten, men der har Ap og Høgre ikkje hatt vilje til å sjå på alternative løysingar.
Retting 21. november: Opprinnelig sto det i denne saken at Tyskland skulle få subsidiert kraft til fem eurocent per kilowattime, og at dette tilsvarer rundt femten øre. Dette stemmer ikke. Det tilsvarer 59 øre. Dette er nå rettet.



