Forhandlingane om årets statsbudsjett startar. Kommentariatet ser ut til å vere samde om at «dette blir dyrt» og kan undergrave regjeringas slagord «trygg økonomisk politikk». Det typiske er at når regjeringa laut reversere reverseringa av studielånsstøtta og gratis ferje spør Politisk kvarter i stort gravalvor: «Kvar finn regjeringa inndekkinga på denne enorme summen (1–1.5 milliard)?». Regjeringa vil stille det same spørsmålet til dei andre raudgrøne i forhandlingane: Kvar finn de inndekkinga?
Denne heilt feilaktige framstillinga må det bli slutt på. Statsbudsjetta byggjer på ei rad gjettingar (prognosar) der feilmarginane er langt større enn dei maksimalt 10–20 milliardane det skal bli forhandla om i vekene framover. «Faren» det blir skremt med ved påplussingar, er høgre inflasjon og rente. Analysar av inflasjonsverknader som resultat av tidlegare budsjettforhandlingar som har vorte såkalla «dyre», kan knapt nok dokumenterast.
«Stoltenbergs endringsforslag er det verst tenkelege»
Dei fire raudgrøne partia bør derfor nekte å la seg binde til masta av denne skremselspropagandaen og i staden gripe inn mot urettferdig og urimeleg fordeling. Dei bør konsentrere seg om både sosial (fattig og rik) og geografisk fordeling. Stoltenbergs slagord er først å skape, så dele. Hans historikk viser at han altfor ofte deler ut for mykje til dei som har mest frå før. Slik også nå, som eg skal vise med tre eksempel som så langt har fått stor merksemd om – utan analyse nettopp av fordeling.
Først moms på elbilar. Ved presentasjonen av budsjettet grunngav Stoltenberg utfasinga av momsfritaket med at 80 prosent av støtta har gått til dei 20 prosent rikaste. Det er riktig, og det er ei fordelingspolitisk skandale til fordel for dei rike, først og fremst dei rike i urbane strøk. Subsidiane har vore mange gongar så store som dei samla løyvingane til distriktspolitikken.
Men Stoltenbergs endringsforslag er det verst tenkelege dersom betre fordeling er målsettinga. Nå skal nemleg dei mange som ikkje har hatt råd til elbil betale full moms samtidig som dei rike kan skunde seg og kjøpe elbil nummer to eller tre før årsskiftet!
Ja, momsfritaket bør fasast ut, men det bør gjerast slik at dei rikaste som allereie har kjøpt elbil, må betale full moms på bil nummer to. Alle som ikkje har kjøpt elbil må i rettferdigheitens namn få fullt momsfritak på første elbil. Momsfritak på første elbil og full moms etterpå gjev både god sosial og geografisk fordeling.
Så noregspris på straum. Her er forslaget frå regjeringa at også fritidshus skal få denne støtteordninga. Kvifor i all verda skal dei av oss som har fritidshus med straum få denne støtta dersom ein er interessert i rettferdig sosial- og geografisk fordeling? Norgespris er i utgangspunktet ei støtteordning for Sør-Norge. Det gjev mest støtte til dei med store hus og enda meir til dei som også har stor hytte. Altså ei maksimalt uheldig sosial og geografisk fordeling. Høgstandard hytte med straum er cirka 20 prosent av alle hyttene – og eigarane er dei rikaste. Dei største hyttene får størst støtte: altså ei støtteordning for byars vest, ei støtteordning for BygdØ – ikkje for austkanten og bygda.
Norgesprisordninga med støtte til fritidshus må forhandlast vekk. Det gjev sannsynlegvis milliardinnsparing – sjølv om dette ikkje er det viktigaste.
Nedskriving av studielån. Dette er den store saka så langt. Støtte til tilbakeflyttarar i utkantkommunar blir forferdeleg dyrt, seier både Ap og Høgre. Høgre sa det jamvel før valet. Det som ikkje har kome fram, er at regelverket for gjeldsskriving for alle studentar er langt dyrare – og at dette i ekstrem grad er ei gunstig støtteordning for dei rikaste og dei rikaste er det flest av i byane.
Gjeldsnedskrivinga som kjem alle studentar til gode, går ut på at dei som ikkje bur i heimen til foreldra får nedskrive inntil 40 prosent av studielånet etter å ha fullført utdanninga. Kva er konsekvensen av dette? I universitetsbyane veit alle at ein stor del av dei små leilegheitene er kjøpt opp av studentar.
Rike foreldre kjøper leilegheit til ungane sine. Dei mister ikkje retten til studiegjeldnedskriving sjølv om dei bur i eigen heim, men får bortebuarstipend! Om vi samanliknar to studentar der den fattige bur heime hjå foreldra, og den rike får eiga leilegheit, summerer dette seg opp til at den rike får cirka 200.000 meir i studiestøtte enn den fattige i løpet av ei treårig bachelorutdanning.
Det har vore mange medieoppslag om «foreldrebanken»: rike foreldre som hjelper sine håpefulle til å kjøpe leilegheit medan dei studerer. Det er tre «drivarar» bak denne utviklinga: 1. Studenten blir ikkje skatta av gevinsten ved sal av leilegheita etter studiet. 2. Leier studenten ut eit rom til ein medstudent, er dette skattefritt. 3. Og så prikken over i-en: staten subsidierer nedbetalinga av lån. Studielånnedskrivinga som Stoltenberg ville skrote for utkantkommunar, kostar cirka 2000 i månaden, medan studentane med rike foreldre får 5–6000.
Alle desse tre eksempla viser kor vanskeleg det er å vurdere budsjettverknadane. Momsfritak på bil nummer to og full moms elles, vil truleg budsjettgevinst i 2026, men gje større avgiftstap framover. Fjernar vi noregspris på straum for fritidshus, vil etter regjeringas eigne kostnadsoverslag redusere kostnadene i budsjettet. Endra reglar for studiefinansiering slik at dei som bur i eige hus eller eit foreldrehus ikkje får bortebuarstipend, vil gje store innsparingar.
Hovudpoenget er ikkje pluss eller minus, men at dei raudgrøne må sørge for at budsjettet reduserer avstanden mellom fattig og rik.



