Det er godt dokumentert i forsking at særleg skatt på aksjeformue kanskje er det mest effektive tiltaket for å bremse veksten i ulikskap i formuar og inntekt. Så vidt eg kan sjå, er hovudargumentet til aksjonen mot skatt på aksjeformue at han favoriserer utanlandske eigarar, fordi dei slepp å betale han. (jf. intervju med Knut Flakk i Klassekampen 13. september og kronikk i E24, 27. september.) For at «diskrimineringa av norske eigarar» skal bli fjerna, foreslo eg i min artikkel i Klassekampen den 22. oktober at regelen om skatt på aksjeformue som no er «residensbasert», blir endra til at han blir «verksemdsbasert», slik at han omfattar all formue knytt til verksemd eller eigedom i Norge.
I ein kommentar til min artikkel hevdar Bård Bergsjø i Klassekampen 24. oktober at å krevje inn skatt på aksjeformue frå personar som har bustad utanlands, «er verken juridisk eller praktisk mulig». Hans hovudargument er at Norges skatteavtalar med ei rekkje land vil hindre ei slik omlegging. Her er to grunnar til at eg er usamd.
«Eg er usamd»
For det første må personar som ikkje har skattemessig bustad i Norge, betale formueskatt på fast eigedom eller lausøyre. (Jf. til dømes Stortingsproposisjon for budsjettåret 2025, Prop. 1LS, s 179.)
For det andre må personar som ikkje har bustad i Norge, betale skatt på aksjeutbytte i norske selskap, såkalla «kjeldeskatt». (Jf. rundskriv frå Skatteetaten, «Utbytte fra norske selskaper til utenlandske aksjonærer».) Det betyr at før aksjeutbytte blir utbetalt til utanlandske aksjonærar, må det norske selskapet trekkje frå kjeldeskatt som blir overført til staten. Dette gjeld også aksjonærar i land som Norge har skatteavtale med. Dersom aksjonærar i desse landa betalar innanlandsk skatt (også) på utbytte frå norske selskap, kan dei søkje om å få redusert skattesats ved trekket av kjeldeskatt.
Eg kan ikkje sjå at det finst skattepolitiske hindringar for å inkludere skatten på aksjeformue i opplegget med kjeldeskatt. På same måten som skatt på aksjeutbytte, kan skatt på aksjeformue bli trekt frå utbyttet før utbetaling til utanlandsk aksjonær. På denne måten blir det skatt på formuane til eigarar busette utanlands, same om formuane deira består av fast eigedom, lausøyre eller aksjar. Ikkje berre vil dette gjere slutt på tapet av skatt på aksjeformue grunna at norske eigarar har skaffa seg bustad utanlands (nær ti milliardar kroner i 2025), men også kronargumentet mot skatt på aksjeformue vil forsvinne.