Aslak Raanes har delt denne artikkelen med deg.

Aslak Raanes har delt denne artikkelen

Bli abonnent
Krfu

KrFU vil ha meir olje og mindre innvandring

Kristeleg Folkepartis ungdom har rekordmange medlemmar, og i helga vedtok landsmøtet deira politikk for ei ny retning.

HAR PLANANE KLARE: Her er den nye ungdomspartileiaren Ingrid Olina Hovland utanfor Thon Hotel Vettre i Asker i helga, der KrFU hadde sitt landsmøte. Foto: Thomas Fure, NTBHAR PLANANE KLARE: Her er den nye ungdomspartileiaren Ingrid Olina Hovland utanfor Thon Hotel Vettre i Asker i helga, der KrFU hadde sitt landsmøte. Foto: Thomas Fure, NTB

Det er på tide med ein strengare innvandringspolitikk, og Noreg må forsyne Europa med olje og gass.

Det er bodskapen etter at KrFU i helga hadde landsmøte i Asker.

– Me har vedteke at Noreg skal ha ein meir ansvarleg olje- og energipolitikk. Etterspurnaden etter olje og gass i Europa kjem ikkje til å gå ned med det fyrste. I den tryggingspolitiske situasjonen som me er i no, må Noreg vere ein trygg leverandør av olje og gass, seier den nyvalde ungdomspartileiaren Ingrid Olina Hovland.

Ho seier at det vedtaket deira betyr i praksis, er at Noreg må leite etter meir olje og gass. I vaksenpartiet KrF sitt politiske program heiter det at Noreg berre skal leite etter olje i eksisterande felt, og at «målene for Parisavtalen må komme foran norsk olje og gass».

Ungdomspartiet meiner at ein ansvarleg oljepolitikk betyr å forsyne Europa med det dei treng.

– Me vil leite meir etter olje og gass. Viss Russland ikkje skal vere den største eksportøren av gass til Europa, må Noreg vere ein stabil leverandør.

– Har ungdommen slutta å vere oppteken av klima?

– Nei, me har også vedteke at me ynskjer eit billeg månadskort for kollektivtransport, som skal få fleire unge til å reise kollektivt.

Strengare på innvandring

Eit anna punkt som vart diskutert på landsmøtet i helga, var innvandringspolitikk.

KrFU meiner at integreringa av innvandrarar går for dårleg i Noreg, og dei vil gjere det vanskeleg­are for innvandrarar å hente familiemedlemmar til Noreg gjennom familiesameining.

«Noreg må vere ein stabil leverandør av olje og gass.»

Ingrid Olina Hovland, leiar i KrFU

– Det handlar om at det er veldig mange som kjem til Noreg gjennom slik
familiesameining, og så handlar det om å stille nokre krav til dei som kjem inn. Me har mellom anna hatt ein debatt om kanskje folk med utanlandsk statsborgarskap som gjer kriminelle handlingar i Noreg, skal kunne verte sende ut, seier Hovland.

Ho understrekar at KrFU framleis ynskjer å ta imot kvoteflyktningar, men at omsynet til integrering gjer det naudsynt å stille strengare krav til dei som vil kome til Noreg som innvandrarar.

Den ferske ungdomspartileiaren kan også fortelje at veldig mange unge folk har meldt seg inn i både KrF og KrFU dei siste månadane.

– I KrFU har me no meir enn 2000 medlemmar. Det er fleire enn me har hatt på minst tjue år, seier ho.

Ikkje noko brot

Hadle Bjuland gjekk av som leiar av KrFU på landsmøtet i helga.

Han er fornøgd med politikken som har vorte vedteken denne helga og ser det som ei vidareføring av hans prosjekt.

– No ser me eit KrFU som har fingeren i jorda og som er i tråd med den tida me lever i. Me er framleis opptekne av å kutte i klimagassutslepp, mellom anna ved hjelp av utbygging av kjernekraft. Me må likevel sikre at Noreg er ein trygg leverandør av olje og gass, seier han.

Lyst å lese mer fra Klassekampen?

Bli abonnent

Du kan enkelt registrere deg med

Politikk

Iran

Kunstner Masoud Alireza setter sin lit til den oppvok­s­ende gene­ra­sjonen i Iran. Han tror store samfunns­om­velt­ninger er mulig.

Kommunar

Frp vil ikkje slå saman kommunar

Høgre

Høgres distrikts­ord­førarar seier nei til saman­slåing