Fredrick Mortvedt har delt denne artikkelen med deg.

Fredrick har delt denne artikkelen

Bli abonnent
Senterpartiet

Vil skrote Faktisk.no

Sp-leiar Trygve Slagsvold Vedum meiner at ferjerotet til Arbeidarpartiet den siste veka har avslørt at faktasjekksida Faktisk.no bør bli lagt ned.

Faktisk kritisk: ­Sp-leiar ­Trygve ­Slagsvold Vedum. Foto: NTBFaktisk kritisk: ­Sp-leiar ­Trygve ­Slagsvold Vedum. Foto: NTB

Den siste veka har nyhendebiletet vore prega av at Arbeidarpartiet i valkampen kom med fleire påstandar som seinare har synt seg å vere feilaktig. Avisene har grave for å dokumentere kvifor dei er nettopp det.

Faktasjekknettstaden Faktisk.no har derimot ikkje skrive eit ord om denne saka. Sp-leiar Trygve Slagsvold Vedum meiner at det er endå eit døme på kor irrelevante Faktisk er, og no vil han leggje ned heile tenesta.

– Faktisk er ei fullstendig avsporing. Dei er irrelevante. Denne veka syner kor sterke og vitale dei redaktørstyrte media er. Kva bidreg Faktisk med? Ingenting! Det er NRK, VG og Klassekampen som driv fram sakene, og som får fakta på bordet, seier Vedum.

Vedum meiner at den siste veka hadde vore ein god sjanse for Faktisk å syne fram kvifor det er bruk for dei.

– For fyrste gong på lenge er desinformasjon ein del av debatten. Vanlegvis er ikkje norsk offentleg debatt prega av desinformasjon. Når det plutseleg er det ei stund, så gjer ikkje Faktisk noko som helst, seier han.

– Det er sløsing

Vedum meiner at Faktisk er sløsing med pengar. Nettstaden får pengar frå eigarane, som er mediehusa Amedia, Schibsted, NRK, Polaris og TV 2. I tillegg driv dei eit undervisningsopplegg som får opp mot åtte millionar kroner i offentleg støtte.

Vedum meiner at både media og det offentlege bør skru att pengekrana med ein gong.

– Det er sløsing. Dei bidreg ikkje med noko som helst. Me har eit mediemangfald i Noreg som bidreg med breidde. DN og Klassekampen har eit ganske ulikt fokus, og dei utfyller kvarandre. At det skal stå eit overorgan over dei, er heilt på sida av kva me treng, seier han.

Vedum føreslår at media heller brukar pengar på å tilsette fleire journalistar.

– Og til å gje journalistane betre tid til å gjere gravearbeid. Eg kan stundom sakne eit endå breiare mediemangfald, for media går litt i flokk i ein del saker. Faktisk bidreg likevel ikkje til å betre det. Dei bidreg ikkje til noko som helst, seier Vedum og legg til:

– Det som er heilt sikkert, er at staten i alle fall ikkje skal sponse eit slikt sanningsministerium.

Seier dei blandar seg

Vedum er særleg kritisk fordi han meiner at Faktisk blandar seg inn i saker som ikkje handlar om rett eller gale informasjon, men om politiske usemje.

Som eit døme på det trekkjer han fram at Faktisk i 2021 skreiv at me ikkje hadde hatt høgare straumpris utan utanlandskablar. Han viser og til at Faktisk i 2017 skrev at det var heilt feil då Vedum sa at utbygging av Ikea på eit jorde ville gjere at vi fekk 50.000 færre brød. Vedum meinte at det ikkje var feil.

«Denne veka syner kor ­sterke og vitale dei ­redaktørstyrte media er. Kva bidreg Faktisk med? Ingenting!»

Trygve Slagsvold Vedum, partileiar i Senterpartiet

– Det politiske ordskiftet treng ikkje ein overdommar. Det er bra at det vert diskutert, og at det finst politisk usemje. Me treng ikkje at nokon over dei redaksjonelle media blandar seg inn i det.

Han meiner generelt at desinformasjon ikkje er noko problem i den norske samfunnsdebatten.

– Det som er fakta, er at i valkampen har Arbeidarpartiet drive med desinformasjon. Det er altså makta som driv med desinformasjon, og likevel held Faktisk seg unna, seier Vedum.

Arbeidarpartiet har beklaga at dei foreslo kutt i statsbudsjettet sjølv om dei i valkampen sa at ferjer framleis skulle vere gratis, og at dei kunne sikre sletting av studielån i distriktskommunar dersom dei vann valet.

Faktisk: Feilvurdering

Dagleg leiar i Faktisk, Runa Victoria Engen, seier at ho er heilt usamd med kritikken frå Vedum, og at ho kjenner til han frå før.Ho tykkjer det er rart at han knyter det opp til det som har skjedd den siste veka, for ho meiner at Vedum har meint dette lenge.

– Desinformasjon er aktuelt jamt og trutt, ikkje berre denne veka. Det var eit tema i valkampen og, seier ho.

– Kvifor har de ikkje skrive om saka som har dominert denne veka?

– Grunnen til at vi ikkje har skrive noko om denne saka så langt, er nettopp at ho alt er grundig dekt og dokumentert. Ap har innrømt feil, så det er ingen strid om fakta. For oss er dette viktig, for me skal kome med nye opplysningar.

Ho tykkjer og at det er urettferdig at denne saka skal få definere kor flinke dei er.

– Det handlar om ei veke, og det vert feil å bruke ei enkeltsak på å vurdere heile verksemda vår.

Vil sjekke fleire postar

Engen presiserer også at den offentlege støtta som Faktisk får, ikkje går til redaksjonen som jobbar med faktafeil, men til eit undervisningsopplegg som dei driv i tillegg.

– Vi får ikkje offentleg støtte til redaksjonen vår, berre til opplegget vi har for skular. Faktisk består av fleire avdelingar. Me har ei skuleavdeling som heiter Tenk. Me i Faktisk-redaksjonen får støtte frå eigarane våre. Me ser ikkje på oss sjølve som statsstøtta – pengane våre kjem frå redaksjonane.

– Heile denne saka tek utgangspunkt i ein Facebook-post frå Vestre. Me kjem til å faktasjekke fleire slike postar i sosiale medium, ikkje færre, seier Engen.

Ho avviser også på det sterkaste at dei er redde for å sjå makta og Arbeidarpartiet i korta.

– To av dei tre siste faktasjekkane våre handla om Ap.

Lyst å lese mer fra Klassekampen?

Bli abonnent

Du kan enkelt registrere deg med

Politikk

Handel

Industrien åtvarar mot å straffe EU for metalltoll

Statsbudsjett

Sjeføkonom Jan Ludvig An­dre­assen meiner at venstre­sida vil tape arbei­dar­klassen om dei ikkje kuttar meir i skattane.

Statsbudsjettet

Klart krav til Støre