Det kan neppe vere tvil om at ein viktig grunn til høgresidas nederlag i Stortingsvalet var deira offensive kampanje mot formuesskatten, med solid pengestøtte frå dei rikaste i Norge. På denne bakgrunn er det underleg at finansminister Stoltenberg har invitert dei finanspolitiske talspersonane for alle parti på Stortinget til møte om eit «skatteforlik» den 28. oktober. Det kan synest som at han har late seg skremme av skattemotstanden til dei rike og dei borgarlege partia, trass i deira valnederlag. Med sideblikk til næringslivet sine interesser seier han at formålet med møtet er «hvordan vi kan få til et skatteforlik» (E24, 10. oktober). For å få til dette, meiner han at det trengst (endå) ein skattekommisjon.
Kva kan kome ut av dette møtet? I valkampen lovde Høgre, KrF og Venstre at dei vil fjerne formuesskatt på «arbeidande kapital», det vil seie aksjar som er dei rikaste sin viktigaste formuestype og viktig inntektskjelde. Frp er meir konsekvent og lovar å fjerne all formuesskatt. Kva vil Stoltenberg og Ap tilby desse partia for at dei skal gå bort frå sine skattelovnader og dermed opne for eit forlik? Det er ikkje nok at Ap bind seg til at det samla skattenivået ikkje skal auke, for fleire av desse partia krev lågare total «skattebyrde».
Sannsynlegvis blir dette møtet irrelevant i forhold til problema den norske velferdsstaten står overfor, nemleg alvorleg underfinansiering i spesialisthelsetenesta, i skuleverket og i kommunane sine sosialtenester. Omorganisering og «effektivisering» kan sannsynlegvis bøte litt på dette problemet, men ressursmangelen er den dominerande faktoren. Det rike Norge har utvikla seg til ein situasjon som vi med økonomen John Kenneth Galbraith kan kalle «offentleg armod og privat overflod». Svaret på dette er ikkje skatteforlik.
«Endåtil IMF foreslår no skatt på arva formue»
Derimot finst det ting regjeringa kan gjere utan forlik. I valkampen hevda Aksjon for Norsk Eierskap at formuesskatten favoriserer utanlandske eigarar ved at dei slepp å betale formuesskatt, og at det er ein viktig grunn til at norske eigarar flytter ut. Dei har eit poeng. Bladet Kapital sitt siste spesialnummer om Norges 400 rikaste skriv at halvparten av formuane til dei 400 rikaste no blir kontrollerte frå utlandet. For staten og kommunane betyr dette eit samla tap av formuesskatt på nær ti milliardar kroner i 2025.
Grunnen til denne skatteflukta er den rådande regelen om at skatten på aksjeformue, i motsetning til formue i fast eigedom, er «residensbasert». Det betyr at kor vidt ein eigar av aksjeformue knytt til verksemd i Norge er skattepliktig, er bestemt av kvar vedkomande bur. Eit eksempel: I 2025 må Kjell Inge Røkke med bustadadresse i Sveits betale «utflyttingsskatt» og dessutan formuesskatt på sitt hyttetun i Oppdal. Men han slepp unna å betale 370 millionar kroner skatt på sin aksjeformue i Norge. «Favorisering av utanlandske aksjeeigarar» kan bli fjerna ved at all formuesskatt blir gjort «verksemdsbasert», slik at han omfattar all formue knytt til verksemd eller eigedom i Norge uansett kvar eigaren har bustad. Ei slik endring vil innebere at personar med bustad i utlandet, inklusive «skatteflyktningane», må betale skatt på sin aksjeformue i Norge same kvar dei bur. For ei slik endring trengst det ikkje eit forlik, men berre eit vedtak i regjeringa.
Ein stadig større del av vår tids formuar er arva. I Norge sit dei 200 rikaste arvingane på ein samla formue på 540 milliardar kroner (Kapital 37/2024). IMF foreslår no skatt også på arva formue. Dei skriv: «Sidan ein stor del av formuen er arva, vil arveskatt ha ein sterk effekt på ulikskap i formue og hjelpe til å bremse oppbygginga av dynastiske formuar.» (IMF, «How to Tax Wealth», 2024.) Når endåtil IMF foreslår skatt på arva formue, bør fleirtalet på Stortinget innføre arveskatt igjen. Med sikte på eit meir rettferdig skattesystem og omfordeling bør botnfrådraget for formuesskatten bli mangedobla og skatten bør bli langt meir progressiv. Også ein arveskatt bør ha eit stort botnfrådrag, langt større enn Skatteutvalet (NOU 2022:20) foreslår.
Meir «offentleg armod» inneber mangelfulle velferdstenester og større økonomisk og sosial ulikskap. Mange veljarar ventar at regjeringa skal stoppe denne trenden, som er styrt av sterke økonomiske og politiske krefter. Alt tyder på at ein slik snuoperasjon ikkje kan skje på grunnlag av eit skatteforlik.



