EU-kommisjonen varsla denne veka at dei tek rettslege steg for å sikre raskare godkjenningsprosessar for fornybar energi i medlemslanda. Sverige vert no meldt inn for EU-domstolen for å ikkje ha innført dei nye EU-reglane som skal korte ned og forenkle konsesjonsprosedyrane for fornybarprosjekt.
Desse reglane heng saman med det omstridde fornybardirektivet, som mellom anna Høgre meiner at det hastar å innføre også her i Noreg.
No seier energipolitisk talsperson i Høgre Ove Trellevik at utviklinga i Sverige gjer han uroa for kva konsekvensar det kan få for Noreg om ikkje vi og innfører direktivet.
– Det er stor fare for at dette aldri blir vedteke med den regjeringa vi har no og med dei motførestillingane som tuttifrutti-partia har mot dette direktivet. Då kan òg Noreg få ein smekk på fingrane, seier Trellevik.
– Vi er redde for at det går for seint med desse direktiva. Vi har teke til orde for at vi burde ha trykt meir på. Det handlar om å få bygd meir kraft – og få ho raskt nok på plass. I dag går det for tregt.
Nytt direktiv
Noreg har allereie innført fornybardirektivet av 2018, men det som no står på agendaen, er fornybardirektivet av 2023.
Klassekampen har tidlegare skrive at energiminister Terje Aasland (Ap) har vore tydeleg på at planen er å ha ein prosess også for innføring av direktivet av 2023.
Det er ei lovpakke som har som formål å gjere det enklare og raskare å byggje ut fornybar energi og å samordne energipolitikken i Europa.
Sverige har innført direktivet, men EU-kommisjonen meiner at dei har vore for dårlege til å leggje til rette for eit såkalla «hurtigspor» for utbygging av fornybar energi.
Det tyder at nokre område av landet skal verte sett av til fornybar energi, og der skal det gå særleg raskt å byggje ut. No kan Sverige få dagbøter fordi dei ikkje har gjort det.
Trellevik og Høgre meiner at også Noreg lyt leggje til rette for slik rask utbygging.
– Vi set pris på lokaldemokratiet, men det kan ikkje ta tolv år å få på plass ei høgspentlinje. Det er ikkje fordi arbeidet tek tolv år, men fordi det er mykje daudtid. Stundom må vi tole at nokon tek ei avgjerd. Alle omsyn skal bli lytta til, men dei som ikkje får det som dei vil, kan ikkje få omkamp etter omkamp.
Raudt vil stogge
Energipolitisk talsperson i Raudt Sofie Marhaug tykkjer søksmålet frå EU-kommisjonen er urovekkjande, fordi ho meiner at det syner at det norske systemet med lang handsamingstid og grundige prosessar der kvar kommune er sikra ei vetorett mot mellom anna vindkraftutbygging, er truga.
«Det er stor fare for at dette aldri vert vedteke.»
— Ove Trellevik, energipolitisk talsperson i Høgre
– Eg meiner dette er eit svært tydeleg teikn på at 2023-versjonen av fornybardirektivet vil ta frå oss makt og mynde i energipolitikken – i ganske stor grad. Dette viser at det ikkje er så enkelt å føre ein nasjonal politikk for konsesjonsprosessar. Dersom du ikkje innfører dette «hurtigsporet», vil det straffe seg, seier Marhaug, og legg til:
– Det bør stå som ei skrekk og ei åtvaring mot å innføre 2023-direktivet. Det som er skummelt, er at Aasland har sagt til Europautvalet at tanken bak 2018-direktivet er å leie fram mot 2023-direktivet. No når vi ser konsekvensane av 2023-direktivet, bør det vere uaktuelt.
Marhaug og Raudt meiner at det at det tek litt tid å byggje ut energi i Noreg, er eit uttrykk for at vi har ordningar som sikrar at ulike interesser og lokalbefolkning vert lytta til.
– Vi har diskutert hurtigspor for vindkraft før i Noreg, og folk har gjeve tydeleg beskjed om at dei ikkje vil ha det. NVE har levert eit negativt høyringssvar, og unge miljø er òg kritiske. Dette kjem i tillegg til ein stor folkeleg motstand mot konsesjonsprosessar som ikkje tek omsyn til folkeviljen.
Senterpartiet seier nei
Senterpartiet gjekk i byrjinga av 2025 ut av Støre-regjeringa fordi dei ikkje kunne sitje i ei regjering som innførte mellom anna fornybardirektivet av 2018.
Når det gjeld direktivet av 2023, er partiet like sterke motstandar, og det har varsla at det vil vere vanskeleg å røyste for eit statsbudsjett med ei regjering som innfører det.
– Senterpartiet er krystallklåre på at Noreg ikkje bør innføre fornybardirektivet. Det truger vetoretten som kommunane har i vindkraftsaker og gjev for mykje mynde til EU i energispørsmål, seier energipolitisk talsperson i Senterpartiet Maren Grøthe.
Ho er samd med Marhaug og Raudt i at det nye søksmålet som EU-kommisjonen har varsla mot Sverige, er urovekkjande.
– Det at EU no går til sak mot Sverige grunna dette direktivet, syner kor problematisk det direktivet er. EU-land anar ikkje kva dei har forplikta seg til, fordi det heller ikkje er semje i EU om direktivet.