Dagboka

BMI

I USA er forsvarsminister Pete Hegseth, visstnok med røtter i Trøndelag, nå blitt krigsminister. Noe av det første han gjorde etter tittelendring var å innkalle cirka 800 generaler og admiraler til refs.

Du må være abonnent for å lese denne artikkelen

Dagboka

Hovmod

Selvsagt finnes det mennesker som anser seg som bedre enn andre. Det er bare ikke så mange av dem som sier det høyt. Møt Hadle Bjuland, midlertidig ansatt pressesjef i KrF. «Nå har vi endelig blitt stolte av å være oss selv. Av å stå rakrygget og si: Kristne verdier er bedre enn andre verdier», sa han til VG denne uka. Når han sier «vi», så mener han nok egentlig «jeg».

Sopp

I gamle dagar plukka ikkje folk sopp her i landet. Truleg fordi dei tenkte at det var skummelt. Og dei hadde jo heilt rett. I norske skogar kryr det av spiss giftslørsopp, som er ein av dei farlegaste i verda. Og kvart år vert fleire forgifta av den fordi dei trur at dei har plukka matsoppen traktkantarell. Sjølv om du berre et ein liten bit, så kan han ta livet av deg.

Thesevs

For meir enn tre tusen år sidan skal den greske kongen Thesevs ha hatt eit storslått og vakkert skip som vart rodd med tretti årar. Skipet var fleire hundre år gamalt, og så lenge er det ikkje vanleg at skip laga av tre, held ut i saltvatn. Dette fekk dei til ved å stadig skifte ut plankane som skipet var laga av med nytt trevirke etter kvart som dei rotna. Slik oppstod Thesevs’ paradoks: den dagen alle plankane frå det opphavlege skipet er byta ut, er det då framleis tale om det same skipet? Eg kom til å tenkje på det då eg nyleg las den tjukke historia om Morgenbladet frå 1819 og fram til i dag. Forfattar Erik Rudeng har som ein grunnleggjande føresetnad for boka at det gjev meining å prate om ei avis gjennom 206 år. Morgenbladet har vore alt frå Høgre-organ under C.J Hambro på 1910-talet, Frp-sympatiserande liberalistavis under Hroar Hansen på 80-talet og postmoderne idémagasin i gamle industrilokale på Grünerløkka på 90-talet.