Elizabeth Sellevold har delt denne artikkelen med deg.

Elizabeth har delt denne artikkelen

Bli abonnent
Valet

Raudt sa nei til ultimatum

Islamsk Råd Norge prøvde å få Raudt til å stille Israel-ultimatum i valkampen. Dei sa nei og vart degradert av den islamske organisasjonen.

PÅ BORDET: Raudt-leiar Marie Sneve Martinussen og utanrikspolitisk talsperson Bjørnar Moxnes fortel at Palestina vil vere viktig i forhandlingane med Ap. Foto: Tom Henning BratliePÅ BORDET: Raudt-leiar Marie Sneve Martinussen og utanrikspolitisk talsperson Bjørnar Moxnes fortel at Palestina vil vere viktig i forhandlingane med Ap. Foto: Tom Henning Bratlie

Eit av spenningsmomenta i norsk politikk denne hausten er korleis Ap skal lande statsbudsjett saman med SV, Raudt, MDG og Senterpartiet.

I valkampen gjekk SV ut med eit ultimatum: Partiet vil ikkje forhandle om statsbudsjett før Ap går med på at Oljefondet skal selje seg ut av 16 selskap med band til Israels krigføring.

No kan Klassekampen avsløre at Islamsk Råd Norge forsøkte å få Raudt til å gjere det same som SV – og at partiet til Marie Sneve Martinussen avslo.

– Islamsk Råd Norge kom til oss for å drøfte Oljefondet i Israel og spørsmålet om å stille eit ultimatum i moglege forhandlingar om dette. Vi sa at vi ikkje kom til å gå ut i media med eit ultimatum før valet, seier Bjørnar Moxnes, utanrikspolitisk talsperson i Raudt.

Tilrådde SV

I haustens valkamp gjekk Islamsk Råd Norge ut med ei tilråding for kven norske muslimar burde røyste på. Der kom det tydeleg fram at fyrstevalet burde vere SV.

Grunngjevinga for det var at SV hadde sagt at dei ikkje vil forhandle om statsbudsjett med Arbeidarpartiet før dei kan garantere at oljefondet sel seg ut av ei rekkje israelske selskap.

I valet for tre veker sidan enda det med at SV gjekk kraftig fram i bydelane på Austkanten i Oslo, som mest den einaste staden i landet.

Raudt gjekk derimot noko attende i Oslo samanlikna med valet for fire år sidan, men haldt begge stortingsrepresentantane sine.

– Vi har arbeidd, og vi arbeider grundig med saka, men eit ultimatum er ikkje vår strategi, seier Moxnes.

Annan strategi

SV stilte ei ufråvikeleg krav i valkampen: Dei sa at dei ikkje ein gong kunne forhandle med Arbeidarpartiet om eit statsbudsjett dersom dei ikkje gjekk med på at Oljefondet måtte trekkje seg ut av ei rekkje selskap som dei meiner bidreg til Israels krigføring på Gaza.

Fleire av selskapa det er tale om, er involvert på ein indirekte måte, som det amerikanske overnattingsselskapet Airbnb.

Moxnes seier at også Raudt lenge har jobba for at Oljefondet skal trekkje seg ut av Israel og andre selskap som bidreg til folkerettsbrot, men at det ikkje var aktuelt for dei å stille noko ultimatum om det i valkampen

– Vår strategi og vårt svar til Islamsk Råd er at saka er avgjerande for Raudt. Vi ønskjer samarbeid med alle som jobbar for å få Oljefondet ut av Israel og også ut av selskap som medverkar til okkupasjon og folkerettsbrot. Vi sa at vi likevel ikkje kom til å gå ut i media med eit ultimatum før valet. Vi har arbeidd, og vi arbeider grundig med saka, men vår strategi er ikkje å stille eit slik ultimatum.

– Kvifor ikkje?

– Strategien vår har vore å mobilisere mest mogleg støtte bak kravet og kjempe det fram. Ulike parti gjer ulike vurderingar av kva som er klokt i ein valkamp, seier Moxnes og legg til:

– Eg opplevde dialogen med Islamsk Råd som god, og vi er samde om målet. Vi gjorde berre ei anna vurdering av medieutspel.

Samde i saka

Sjølv om Raudt ikkje ville stilte ultimatum om saka i valkampen, slår Moxnes fast at Palestina vil vere veldig viktig i forhandlingane med
Arbeidarpartiet, også for Raudt.

– Kravet om at Noreg skal gjere meir for Palestina, vert heilt avgjerande for Raudt. Det handlar om Oljefondet, om frihandelsavtalen med Israel og om eksporten av våpenkomponentar.

– Er de samde i at Oljefondet bør ut av desse selskapa?

– Vi meiner at oljefondet bør ut av heile Israel – og òg ut av selskap utanfor landet som medverkar til okkupasjonen og folkerettsbrot.

«Ultimatum er ikkje vår strategi.»

Bjørnar Moxnes, utanrikspolitisk talsperson i Raudt

– Gjeld det selskap om Airbnb?

– Ja, alle selskap som bidreg til Israels krigføring.

–Trur du det er mogleg å få Arbeidarpartiet til å rikke i desse sakene?

– Det vi ynskjer, er ei endring i forvaltninga av oljefondet og ei meir konsekvent praktisering av reglane. Alle gode krefter må stå på for å få dette til.

IRN stolar på SV

Prosjektleiar i Islamsk Råd Norge Mohammed Isak
Abdullahi skriv i ein e-post til Klassekampen at det er rett at dei har hatt møte med
fleire politiske parti i forkant av valet, og at dei der har opp­moda dei om å stille krav til Oljefondets investeringar, slik SV enda opp med å gjere.

«Vi har hatt dialog med flere parti, og vi oppfordret samtlige stortingspartier til å ta dette spørsmålet på alvor. Vårt ønske har vært å skape bred politisk støtte for et uttrekk av Oljefondets investeringer i Israel.»

TV 2 skreiv denne veka at SV har opna for at dei kan gje Arbeidarpartiet budsjettstøtte utan at kravet frå ultimatumet deira vert innfridd.

Islamsk Råd Norge håpar ikkje det skjer.

«Vi forventer at SV lytter til sine velgere og holder fast på det som ga dem bred støtte, særlig i Oslo. Når man har bygget tillit på et klart og tydelig løfte, er det avgjørende at man også leverer på det i forhandlingene.»

SV-leiar Kirsti Bergstø skriv i ei melding til Klassekampen at deira ultimatum om Palestina slettes ikkje har noko med Islamsk Råd Norge å gjere: «Vårt krav for å gjøre opp budsjett er resultat av manglende oppfølging fra regjeringa og at absolutt alle må gjøre det som står i vår makt for å hindre medansvar til folkemord. Det er Norge forplikta til. Vårt krav kom ikke som følge av dialog eller møter med Islamsk Råd.»

«Rødt må ta sine vurderinger. Dette er ingen konkurranse om å ha best mulig Palestina-politikk, det eneste som er viktig er at vi står på rett side av historien og gjør det vi kan for å stanse folkemordet.»

Lyst å lese mer fra Klassekampen?

Bli abonnent

Du kan enkelt registrere deg med

Politikk

Politikk

Vestre varsler ny fire­års­plan for Ap-re­gje­ringen

Trondheim

Dei raudgrøne partia i Trondheim håpar at den brå avgangen til byråds­leiaren kan få MDG til å skifte side i politikken.

Helse

Helse­mi­nis­teren vil ha en stor helse­re­form – gjerne i samarbeid med høyresida.