Raudt har kome inn på Stortinget med ni stortingsrepresentantar og skal snart i gang med krevjande budsjettforhandlingar saman med Arbeidarpartiet og dei andre partia som utgjer det rekordstore raudgrøne fleirtalet.
No er det klart at finanspolitisk talsperson i stortingsgruppa til partiet vert Mímir Kristjánsson, som i førre periode sat i arbeids- og sosialkomiteen. Dermed er det han som skal vere partileiar Marie Sneve Martinussens mann i forhandlingane med dei fire andre partia på venstresida.
– Eg trur at eg er ganske godt førebudd på det, for eg har vore igjennom noko liknande i lokalpolitikken i Stavanger. Då sa også folk at det kom til å verte veldig krevjande, men me klarte faktisk å snu Stavanger frå å vere ein heilt blå by, til å vere ein by som no er delt på midten politisk, seier Kristjánsson og legg til:
– Og det klarte me gjennom å leggje fram politikk som faktisk betydde noko i liva til folk, som til dømes gratis kollektivtransport.
Offentleg sløsing
I valkampen me no har lagt bak oss, vart pengebruk i offentleg sektor eit større politisk tema enn tidlegare – særleg i sosiale medium.
Kristjánsson har sjølv bidrege til det, mellom anna ved å stille opp på dokumentarfilmen «Hvor blir det av penga», som er laga av påverkar Sindre Wiig Nordby.
No fortel rogalendingen at det er ei sak som engasjerer han, fordi han tykkjer at det er viktig at også venstresida tek offentleg pengebruk på alvor.
Det bør likevel sjå heilt annleis ut enn når høgresida gjer det.
– For venstresida handlar offentleg sløsing om å omfordele ressursar og folk slik at det kjem mest mogleg vanlege arbeidsfolk til gode. For høgresida handlar offentleg sløsing alltid om at offentleg pengebruk i seg sjølv er eit stort problem, seier Kristjansson og legg til:
– Realiteten er jo at både sjukehus og skular er enormt underfinansierte i Noreg. Der trengst det altså meir offentlege pengar og ikkje mindre. Difor kan ikkje venstresida gå med på at offentleg pengebruk i seg sjølv er eit problem, seier han.
Små sjukehus
Kristjánsson seier at når vanlege folk blir irriterte på offentleg sløsing, så gjev det god grobotn for venstresidepolitikk.
– Viss du samanliknar bygginga av regjeringskvartalet på den eine sida, og bygginga av offentlege sjuke på hi sida, så er det ein veldig stor kontrast. Sjukehus vert heilt konsekvent bygde for smått.
«Raudt opererer ikkje med løynde pengar ein eller annan stad.»
— Mímir Kristjánsson, finanspolitisk talsperson i Raudt
– Kva er døme på offentleg pengebruk som de vil redusere, sett vekk frå regjeringskvartalet?
– Det handlar til dømes om leiarlønningar, men også om målstyring og byråkrati i skulen og i offentleg sektor. Veldig mykje av det me kallar for New Public Management fører jo til høgare offentlege utgifter.
Kristjánsson seier at veljarane uansett kan vere trygge på at Raudt kjem til å føre ein ansvarleg økonomisk politikk.
– Raudt opererer ikkje med løynde pengar ein eller annan stad. Dei fire siste åra har vi laga skikkelege alternative statsbudsjett, og eg vil seie at dei har vore meir seriøse enn mykje av det som har kome frå borgarleg side i førre periode. Særleg frå Framstegspartiet.
Krevjande forhandlingar
Arbeidarpartiet har gjort det klart at dei ikkje ynskjer noko samarbeidsavtale med dei andre raudgrøne partia dei neste fire åra.
Det betyr at dei lyt finne saman om statsbudsjettet kvart år, men at det er heilt ope kva som vil skje i Stortinget utanom det.
Partileiar i Raudt, Marie Sneve Martinussen, trur alle fem partia vil tene stort på å verte samde om nokre politiske satsingar som kan gje ei retning til politikken i heile stortingsperioden.
– Det kan vere å fullføre tannhelsereforma så tannlege vert gratis, men det kan også handle om andre store velferdsreformer, seier Martinussen og legg til:
– Dersom desse fem partia ikkje har nokre fellesprosjekt som vi kan verte samde om, så kan det ende med eit mindre konstruktivt samarbeid. Då kan også vi ende opp med å vere mindre konstruktive i forhandlingane, fordi vi er avgrensa av at vi ikkje har eit felles mål.
– Korleis skal de få råd til store velferdsreformer når Arbeidarpartiet har lova at skattenivået skal liggje fast?
– Det bør eigentleg dei svare på, for me ynskjer jo ikkje det. Men det kan ein løyse ved å omprioritere og nytte pengane annleis. Me såg jo og i denne stortingsperioden at Arbeidarpartiet løyste skatteløftet sitt ved å innføre nye skattar, seier Martinussen