To tekstar i Klassekampen onsdag 17. september tek føre seg økonomiske tilhøve på landsbygda, slik dei er handsama av Karl Marx og den amerikanske, økonomiske journalisten og politikaren Henry George. Båe tekstane, «Grunnrentelandet», som går på verseføter, av Ole Kvadsheim, og «Marx på bygda», av Jostein Jakobsen og Trym D. Rødvik, dreier seg ein god del om omgrepet grunnrente. Temaet har vore mykje framme i det siste, særleg i diskusjonen om staten kan ta grunnrente av sjøareal for havbruksnæringa. Men er ikkje sjølve ordet grunnrente ei misforstått anglisisme? Det engelske omgrepet heiter rett nok Ground rent, men rent på engelsk er ikkje rente på norsk, det er leige. Det norske omgrepet skulle vel då vere grunnleige. Men no skal vi ikkje bli altfor filologiske i hovudet. Eg ser òg at grunnrente er nytta i Pax si utgåve av Kapitalen frå 1970–71.
Du må være abonnent for å lese denne artikkelen
Allerede abonnent? Logg inn