Dagboka

Gutane

Etter at Amrit Kaur gjekk av som leiar av Raud ungdom førre veke, er alle ungdomspartileiarane unge menn. Det fell saman med at folket akkurat har valt eit Storting der 12 av dei 169 representantane er menn i alderen 20 til 29 år. Til samanlikning finst det ikkje ei einaste kvinne over 65 på Stortinget, sjølv om det er ei større gruppe i folket enn menn under 30 år.

Du må være abonnent for å lese denne artikkelen

Dagboka

75

Tenk deg Oslos minste skule, som ligg i Maridalen og har rundt 75 elevar. På landsbasis er det i overkant av 700 skular med under hundre elevar, kanskje fleire har nettopp 75, med ti elevar på kvart trinn. 75 elevar er sjølvsagt lite i Oslo-målestokk, der eit trinn kan ha mange fleire elevar. Det er likevel mange barn. Ti 7-arlag på Norway Cup for eksempel. Tenkt deg barna stilt opp på ei rekke. 75 er også så mange barnefamiliar som er huslause i Bergen i dag, ifølge Bergens Tidende.

Fifa-håp

Det blir hevda at Fifa-president Gianni Infantinos dagar går mot slutten. Spekulasjonar om kven som kan ta over, er i gang. To internasjonale sportsjournalistar slo nyleg fast at Infantinos arvtakar må vera plettfri, og peikte på Lise Klaveness, fotballpresidenten i Norge. I går gav tidlegare Fifa-president Sepp Blatter si støtte til Klaveness. Internasjonalt blei Klaveness kjent for talen ho heldt før Qatar-VM i 2022. Juristen frå Meland i Nordhordland, med eit sterkt menneskerettsengasjement, gjekk på talarstolen og kravde at Fifa måtte beskytta arbeidarar, kvinner og LHBT+-personar under meisterskapet i landet der kvinner står svakt, der personar av same kjønn ikkje har lov til å gifta seg med kvarandre, og der arbeidarar jobba med å bygga stadionanlegg til VM under kritikkverdige forhold. I podkasten «David» fortalde ho nyleg om då ho heldt den kritiske talen, ifølge TV2: «Det var tøft, og eg var redd, det var skummelt.» Men det var viktig. Sjølv begynte Klaveness å spela organisert fotball då ho var 12 år for klubben Kvernbit.

Bli hjemme, Olga!

Det strømmer inn med cruiseturister langs den norske kysten. Turistene bidrar ikke noe særlig til stedene de besøker, og cruiseskipene forurenser havet. De truer også beredskapen i hele Nord-Norge, advarer baseleder for redningshelikoptertjenesten på Svalbard Kjell Arne Lundin til TV 2. Øygruppa har de siste tre årene fått besøk av 60.000 til 70.000 cruisepassasjerer. De er gjerne fra 60 år og oppover. Og de blir syke. Ofte. Et typisk oppdrag er å berge gamle «Olga» fra Tyskland, sier baseleder Lundin til TV 2. De blir ofte så syke at de ikke kan behandles på sykehuset i Longyearbyen.