Aleksander Åsnes har delt denne artikkelen med deg.

Aleksander har delt denne artikkelen

Bli abonnent
Mot veggen

Ventar på at Støre skal ringe

Dei borgarlege partia tapte valet, men Knut Flakk i Aksjon for norsk eierskap meiner at dei vann likevel. No vil han kjempe for eit godt skatteforlik.

FORNØGD: Knut Flakk er fornøgd med at han og dei andre bak dei borgarlege aksjonane klarte å setje formuesskatt på dagsorden. Her er han iført ein genser frå Devold, eit selskap han og familien eigde majoriteten av fram til i vår. FOTO: Gisle OddstadFORNØGD: Knut Flakk er fornøgd med at han og dei andre bak dei borgarlege aksjonane klarte å setje formuesskatt på dagsorden. Her er han iført ein genser frå Devold, eit selskap han og familien eigde majoriteten av fram til i vår. FOTO: Gisle Oddstad

– Det vart spytta inn 160 millionar kroner, og du og mange andre rike folk prøvde å vinne valet for borgarleg side gjennom å argumentere for kvifor formuesskatten er så skadeleg. Korleis synest du det gjekk?

– Vi skulle ynskje at det vart borgarleg fleirtal, fordi dei borgarlege har samstemt gått inn for å fjerne formuesskatten på arbeidande kapital. Vi får halde fram å jobbe for eit fornuftig skatteforlik. Eg synest vi har oppnådd mykje. Vi har klart å få fram at denne skatten på arbeidande kapital er skadeleg og øydeleggjande for norskeigde bedrifter. Eg hadde aldri trudd at formuesskatt skulle dominere så mykje i valkampen, så det er vi fornøgde med.

– Sveinung Rotevatn i Venstre meiner at aksjonar med anonyme gjevarar, slik som dykk i Aksjon for norsk eierskap, har svekt borgarleg side i staden for å styrkje den. Kva seier du til det?

– Den kritikken tek eg ikkje til meg. Det er på same måte med LO, vi veit ikkje kven som er medlemmar der.

– Kva er det mest skadelege med formuesskatten?

– Den råkar berre norskeigde bedrifter og eigarar. Ikkje utanlandske eigarar og ikkje statlege bedrifter. Det er ein ekstra skatt som skal ta «dei rike», men i realiteten er den øydeleggjande for norskeigde bedrifter og arbeidsplassar, medan utanlandske eigarar slepp unna den. Det er konkurransevridande i disfavør norske eigarar.

– Dei må betale skattar i landa sine dei utanlandske eigarane og. Til dømes må dei ofte betale arveskatt, som vi ikkje har i Noreg. Og gjerne ein høgare eigedomsskatt enn det vi har.

– Dette blir slengt ut heile tida, men det er ingen som har dokumentert at utanlandske eigarar betalar like mykje i skatt som norske eigarar. Kan du dokumentere det?

– Dagens Næringsliv har skrive fleire gonger at vi ligg kring snittet i OECD på samla skatt på kapital.

– Vi veit at formuesskatten er skadeleg for norske bedrifter. Det var difor vi starta denne kampanjen.

– Kvifor veks den norske økonomien raskare enn den svenske dersom den er så skadeleg?

– Det har eg ikkje sett tala på. Men det som er fakta, er at den skatten er veldig skadeleg. Ta Flakk som eit døme. Vi har hatt ganske dårlege år i det siste. Då har vi betalt meir i skatt enn vi har hatt i overskot. Det slår negativt ut. Vi har måtta tappe likviditeten i bedrifta for å betale formuesskatten.

– Kvifor var det så mange som triksa med tal og vridde på sanninga når dei skulle forklare kvifor formuesskatten var så skadeleg for dei i valkampen?

– Det burde ikkje ha vore naudsynt. I den grad det har skjedd, er det beklageleg. Vi veit i alle fall at formuesskatten råkar oss hardt. Det er den einaste grunnen til at vi starta aksjonen. Den er ­konkurransevridande. Det er mykje betre å investere pengane i bedrifter og arbeids­plassar enn i privat luksus. Så kvifor skal vi verte straffa for at vi plasserer pengane i bedriftene, i staden for luksus?

– Kjem de til å satse på den same strategien ved stortingsvalet mot formuesskatt om fire år?

– Vi skal prøve å få ei løysing på dette lenge før den tid. No skal vi rette innsatsen mot partia fram mot skatteforliket som kjem. Vi skal løfte fram fakta i saka og bidra til eit breitt forlik. Det er heilt naudsynt. Ein kan ikkje forandre skatten kvart fjerde år, så no må vi forankre det breitt.

– Ville du godta eit kompromiss: Høgare botnfrådrag eller lågare sats?

– Nei. Den skatten må bli fjerna. Den råkar både store og små ­bedrifter, så å auke botnfrådraget løyser ingenting. I Flakk-familien har vi 98 ­prosent av formuen investert i bedriftene. To prosent er hytte, hus, bil og båt. Og då seier det seg sjølv at å auke botnfrådraget ikkje vil hjelpe så mykje. Så lenge den ­arbeidande kapitalen vert skatta, så hjelper det ikkje med botnfrådrag.

– Kan de støtte ein annan skatt i staden, då?

– Vi er ikkje negativ til formuesskatt på private gode og privat luksus. Og viss ein skal skatte bedriftene like hardt som i dag, så må ein løfte selskapsskatten opp på eit høgare nivå slik at alle bedrifter vert handsama likt uansett eigarskap.

– Har du tenkt på å flytte til utlandet for å sleppe skatt?

– Nei, eg tenkjer ikkje på det no. Det er difor vi laga denne aksjonen, for å løyse problemet i staden. ­Dersom formuesskatten varar ved, så må vi på eit tidspunkt vurdere om vi kan bu her. Det er veldig synd om vi må flytte fordi skatten øydelegg bedrifta.

– Er det problematisk at det har kome så mykje pengar inn i norsk politikk?

«Vi vil gå i dialog med Arbeidarpartiet.»

Knut Flakk, talsperson for ­Aksjon for norsk eierskap

– Nei. Endeleg er det ein viss ­balanse. LO har brukt pengar over mange, mange år. Venstresida har ­dominert, medan NHO gjekk vekk frå å bidra med pengar. Vi gjer det ikkje fordi vi ynskjer å bruke dei pengane, men fordi vi må fram ­bodskapen og få slutt på denne galskapen.

– Er du komfortabel med at nokre få, svært formuessterke aktørar kan sterkt påverke den politiske diskusjonen gjennom kampanjar?

– Det er bra at det temaet vert løfta opp. Vi har fokus på dette fordi det er ei reell problemstilling. Eg hadde aldri trudd at det skulle bli så mykje debatt om formuesskatten, for i realiteten er det ei enkel sak å løyse.

– Synest du Noreg er eit betre samfunn enn andre europeiske land?

– Det er mykje bra i Norge, men det er og mange ting som kan forbetrast. I sum synest eg ikkje det er grunnlag for å seie at Noreg er særleg betre enn andre europeiske land. Eg synest ikkje dei offentlege verdiane vert godt forvalta i Noreg. Det er ingen land som har så høge offentlege utgifter som Noreg, og det må i seg sjølv vere eit fareteikn. Då brukar vi openbert mykje meir pengar for å levere dei same tenestene som alle land gjer. Då er det sløsing og ineffektiv bruk av skattepengane.

– Du har sagt at «dei rike» har blitt eit skjellsord. Kva er det du kjenner på når folk kallar deg for rik?

– Det er ikkje bra å vere «rik» i Noreg, for å seie det slik. Det høyrest ut som det er negativt å lukkast. Du satsar kapital og tek risiko, men eg sit med inntrykket av at det er noko suspekt med å lukkast med det.

– Du har ein formue på 3,2 milliardar. Ser du på deg sjølv som rik?

– Nei. Eg har det bra, men berre to prosent av formuen er plassert i private verdiar. Vi må slutte med den øydeleggjande måten å prate om dei som lukkast på.

– Dersom rike folk i Noreg om tjue år er endå rikare, er det på noko tidspunkt eit problem?

– Svaret på det vil avhenge av kva politisk ståstad du har. Dersom du meiner at marknadsøkonomi er den riktige modellen, så må ein akseptere at nokre av dei som lukkast, vert rike. Viss du ikkje aksepterer det, så stiller du eit grunnleggjande spørsmål ved heile samfunnsmodellen. Det er kombinasjonen av kapital og arbeid som skapar vekst, og dersom du investerer og skaper vekst, så skal du sitje att med vinst på den investeringa.

– Korleis har de tenkt til å jobbe for å påverke skatteforliket på Stortinget?

– Vi kjem til å halde fram arbeidet slik vi har gjort. Og så vil vi gå i dialog med Arbeidarpartiet. Dersom Jonas ikkje ringjer meg, så får eg ringje han. Eg trur vi skal kome i mål med noko, men vi er ikkje i mål før vi er i mål.

Lyst å lese mer fra Klassekampen?

Bli abonnent

Du kan enkelt registrere deg med

Mot veggen

Mot veggen

Kirsti Bergstø lova å presse Jens Stol­ten­berg til å stramme inn Olje­fon­dets aksje­po­licy. Han gjorde det motsette, men SV-sjefen gir ikkje opp så lett.

Mot veggen

KrFU-lederen angrer ikke på abort-utsagnet, men vet ikke hva hun selv ville valgt

Mot veggen

Venstre­sida manglar test­os­teron, meiner Magnus Marsdal