Valet blei ein gedigen nedtur for Erna Solberg og Høgre. Etter å ha hatt 22 prosent på meiningsmålingane i januar, fekk partiet ein oppslutnad på 14,6 prosent, om ein legg NRK-prognosen til grunn.
Det som er klart, er at Høgre i løpet av året har mista leiartrøya på borgarleg side av politikken.
Fyrstekandidat for Høgre i Telemark, Mahmoud Farahmand, meiner at det må resultere i at partiet no set seg ned og grundig evaluerer kva som gjekk gale. Han forventar at både kommunikasjonsstrategien og val av hovudsaker blir tema i valevalueringa.
– Eg tenkjer at vi må ha ein grundig gjennomgang av dette valet og denne valkampen. Og då må vi diskutere bodskapen vår og strategien vår. For det er det dette handlar om, seier Farahmand.
Innvandring og havvind
Sjølv har Farahmand klare tankar om kva saker Høgre burde prioritere framover. Spesielt trekk han fram innvandring som ei sak der ein må vere meir tydeleg.
– Eg har personleg vore kritisk til innvandringspolitikken vi har ført. For det første meiner eg at vi må kunne gje folk ei reell moglegheit til å utvikle seg før vi tek dei imot. For det andre handlar det om i kva grad innvandringa endrar Noreg som samfunn i si heilskap, seier Farahmand og legg til:
– Eg meiner Høgre har eit ansvar for å kommunisere tydeleg kva konsekvensar innvandring fører med seg for ulikskap, arbeidsmarknaden, kultur, skuleverket og samansetjinga i samfunnet vårt. Dette er spørsmål vi må diskutere meir i Høgre. Vi må finne ut av desse tinga før vi skal hjelpe heile verda.
Farahmand seier at Høgre må vere tydelege på at for høg innvandring legg eit stort press på institusjonane vi har bygd opp i Noreg.
Nei til subsidiar
Ei anna sak der Farahmand meiner at Høgre burde vurdere å skifte linje, er på det grøne skiftet.
– Eg er personleg kritisk til elektrifiseringa av sokkelen. Viss vi skal gje vekk straumen til elektrifisering, må vi produsere mykje meir kraft enn i dag. Og eg som kjem frå industrifylket Telemark, er oppteken av at vi må prioritere at næringslivet og industrien har den krafta som dei treng, seier han.
I valkampen har Frp markert seg som ein tydeleg kritikar av elektrifisering. Farahmand meiner òg at Høgre må profilere seg på eit tydeleg ja til kjernekraft.
«Erna Solberg har haldt eit lok over usemja mellom desse fløyene.»
— Nils August Andresen, redaktør i Minerva
– Vi bør òg vere mykje klarare på linja vår når det gjeld kjernekraft og på korleis vi brukar subsidiane våre – til dømes mellom havvind og andre løysingar.
To fløyer i partiet
Redaktør i den borgarlege avisa Minerva Nils August Andresen ventar at valet vil resultere i ein debatt om kva parti Høgre vil vere i norsk politikk. I den diskusjonen vil det han kallar «dei to store fløyene» i partiet stå mot kvarandre.
– Eg reknar med at Erna Solberg går av som partileiar i Høgre i god tid før neste landsmøte. Ho har vore ei samlande kraft, som har sameint det du kan kalle ei meir liberal fløy og ei meir konservativ fløy. Litt forenkla. Erna Solberg har haldt eit lok over usemja mellom desse fløyene, seier Andresen.
Han peikar på at fløyene står ganske langt frå kvarandre i synet på kva slags parti Høgre skal vere. I den liberale fløya plasserer han stortingsrepresentantane Heidi Nordby Lunde, Sandra Bruflot, Nikolai Astrup og til dels Ine Marie Eriksen.
– Desse er meir opptekne av det grøne skiftet og legg stor vekt på eit sett internasjonale forpliktingar som påverkar norsk politikk, seier Andresen.
Sviktande institusjonar
På hi side meiner Andresen at du finn folk som Mahmoud Farahmand, Peter Frølich og Unge Høgre-leiar Ola Svenneby.
– Dei er meir opptekne av at desse institusjonane ikkje har levert godt nok, og at vi treng endring. Dei er òg meir opptekne av innvandringspolitikken.
– Trur du at denne fløya vert svekt av at Høgre gjer eit dårleg val?
– Eg trur at deira tolking av valet er at det som finst av ei høgrebølgje, har gått til Frp og litt til KrF, medan Høgre ikkje har klart å få tak i desse veljarane. Mange veljarar har meint at skilnaden mellom Ap og Høgre har vore for liten, til dømes i spørsmål om det grøne skiftet, seier Andresen og legg til:
– Eg trur dei som deler denne analysen, vil ønskje seg eit Høgre som skil seg tydelegare frå Ap.



