Det er lenge til ferja skal gå, men bilane har allereie hopa seg opp på kaia i Askvoll.
Ute i havgapet ligg det vestlegaste samfunnet i Noreg. På øyane i Bulandet og Værlandet er den timelange ferjeturen er den einaste måten folk har å kome seg fram.
Fire arbeidskarar har gått ut av bilen og samla seg på ein benk for å ete lunsj medan dei ventar.
– Det er ein ny kvardag her ute etter at ferja vart gratis, seier elektrikar Svein Nordeide.
Det var Senterpartiet som fekk gjennomslag for at regjeringa skulle bruke ein halv milliard kroner på å gjere ferjer til slike øysamfunn gratis. Tiltaket er så populært at folk i blant må stått att på kaia og vente til neste tur fordi ferja er for full.
Karane på benken er samde om at tiltaket har gitt eit viktig løft til kommunen.
Men kven av dei kjem til å stemme på Senterpartiet i valet neste veke? Berre spørsmålet er så dumt at dei bryt ut i unison latter.
– Dei samarbeider med venstresida, som sløser vekk pengar og delar dei ut. Her ute er det folk som heilt klart kunne ha jobba, men som i staden har skaffa seg uføretrygd og berre driv med narkotika heile dagen, seier Nordeide.
Han innrømmer at han har røysta på Sp før, men no veit han betre.
– Kvifor skal eg jobbe i 48 år med ei vond hofte, og så gje frå meg alle pengane til dei som ikkje gidd å jobbe? Beklagar at eg vert så oppkava, men dette gjer meg veldig sur, seier den engasjerte elektrikaren.
Nedlest av tiltak
Det er enno ei veke til valdagen, men uansett kven som får fleirtal, er det klart at Frp er ein av dei store valvinnarane. Partiet har auka oppslutnaden kraftig, også blant folk som tidlegare har røysta på dei raudgrøne.
I stortingsvalkampen for fire år sidan var det Senterpartiet som spelte denne rolla. Meiningsmålingane viste lenge godt over tjue prosent, og dei mest optimistiske Sp-arane håpa at partileiar Trygve Slagsvold Vedum kunne verte statsminister. Slik gjekk det ikkje, men han leia partiet til eit brakval på 13,5 prosent.
I Askvoll var oppslutnaden 34,2 prosent det året.
Kommunen har fått mykje igjen. Det er nytta fleire milliardar på å gjere livet til folk i slike utkantkommunar lettare og få fleire til å flytte dit:
- Barnehageprisen er redusert frå 3135 kroner til 700 kroner (77 prosent kutt frå 2021 til 2025).
- Folk med studielån får sletta 25.000 kroner av lånet kvart år utan å betale for det.
- Kommunen fekk i fjor tilført 33 millionar kroner som inntekter frå skatt på lakseoppdrett.
- Flybilletten for å kome seg til Oslo eller Bergen er halvert i pris.
Ein skulle kanskje tru at Senterpartiet sat igjen med noko etter at denne straumen av pengar og velferd har rent ut i Askvoll-samfunnet. Likevel skal det vise seg at det blir vanskeleg å finne nokon som helst som har tenkt å røyste på Senterpartiet her.
– Ikkje ein gong bønder røystar på Senterpartiet her ute no, seier Roar Landøy.
Han tek oss med ut i havet i ein motorbåt som går mykje raskare enn ferja. På fire ulike stader i kommunen har han oppdrettsanlegg. Og nett lakseoppdrett er det som har bidrege til at Askvoll kommune har fått ein mykje romslegare økonomi enn før.
I Bulandet ytst ute i havgapet har kommunen bidrege med fleire millionar kroner til den splitter nye symjehallen til dei 350 innbyggjarane på øyane, og den solide kommuneøkonomien gjer at Bulandet skule med 30 elevar ikkje er truga av nedlegging.
Landøy skulle likevel helst ha sett at oppdrettarane fekk behalde meir av pengane. Sjølv omsette han for 280 millionar kroner med dei åtte tilsette i fjor, og overskotet var på 13 millionar kroner. Året før var det på 31 millionar.
– Det er ikkje det at vi ikkje vil betale skatt, men det må vere ein balanse. Her ute er det ein negativ utvikling i folketalet. Det einaste som kan løyse det, er at det vert generert arbeidsplassar, og det er det næringslivet som må gjere. Då lyt vi ha overskot nok til å kunne investere i nye arbeidsplassar, seier Landøy.

– Trur du tiltaka som Senterpartiet har fått igjennom, slik som gratis ferje, gjer det enklare for dykk å få folk til å flytte ut hit for å jobbe?
– Gratis ferje tykkjer eg er veldig bra. Det treng vi. Det viktigaste er likevel at vi har råd til å tilsetje folk i full stilling, og ikkje berre i nokre månadar, seier han.
Bønder utan Sp
Har lakseoppdrettaren rett i at ikkje ein gong bøndene røystar på Senterpartiet her ute?
Sauebøndene Hilde Buer og Anders Braanaas har meir enn tre hundre sauer som går ute heile året. Saman med ein annan sauebonde bidreg dei til at det finst fleire sauer enn folk på øyane, og også Noregs vestlegaste mjølkebonde bur her ute.
Klassekampen får stadfesta at ingen av dei røystar på Senterpartiet.
– Eg skal røyste på Raudt, seier Braanaas.
Han er broren til laksemilliardæren Ola Braanaas. Det er den aller rikaste av skatteflyktningane som har flytta til Bø i Vesterålen, og han har ifølgje Kapital ein formue på 4,7 milliardar kroner.
Broren Anders deler ikkje verdsbiletet hans.
– Utan formuesskatt så kjem formuane til å hope seg opp hjå nokre veldig få som vert stadig rikare, seier han.
Saman med sambuaren Hilde Buer held han på med å flytte ein flokk med sauer frå eitt område til eit anna. Dei to sauebøndene set jamleg fyr på landskapet for å skape den særeigne kystlyngheia som sauene deira likar så godt.
Trass i alle sjøsprøyten likar sauene seg godt her ute heile året, og det gjer bøndene òg.

– Det er eit samfunn der alle bidreg og står på. Men det er ein stadig kamp. Kvar gong det er nokon som flyttar ut her, så kryssar vi fingrar og tær for at dei skal verte buande. Men det er diverre ikkje alltid at dei vert det, seier Hilde Buer.
– Trur du alle tiltaka Senterpartiet har fått igjennom kan hjelpe på?
– Eg veit ikkje. Det er gode tiltak. Særleg det med gratis ferje er det store pengar å spare på, seier Buer.
– Sentraliseringa er vanskeleg å snu. Det er ei sterk kraft. Eg tykkjer likevel at det er bra at dei prøver, skyt Braanaas inn.
Veldig dyr fisk
Når ikkje ein gong bøndene røystar på Senterpartiet, vert leitearbeidet vanskeleg.
Klassekampen spør absolutt alle vi treff på om dei har tenkt på å røyste på partiet. Fiskaren Torre Hillersøy er ein av dei som seier klårast ifrå om at han ikkje skal det.
– Viss Senterpartiet og Arbeidarpartiet får fire år til, så trur eg at vi alle kjem til å svelte i hel, seier Hillersøy.
– No overdriv du vel litt?
– Nei, det gjer eg ikkje.
Hillersøy fiskar etter den segnomspunne makrellstørja. Det er rekna som verdas dyraste fisk, og ein einskild fisk kan gå for så mykje som 30 millionar kroner.
Kjøparane er dei aller beste sushirestaurantane i Japan, og dei hiv seg gjerne rundt og flyr eins ærend til Vestlandet for å inspisere fisken sjølv når ein fiskebåt har fanga ein stim.

– Eg er eigentleg pensjonist, men størjefiske er eg framleis med på, for det er så kjekt, seier Hillersøy.
– Vi har sett ein del fine bilar, båt og hus her ute. Er det pengesterke folk, og er det difor de røystar på dei borgarlege?
– Nei, det er fordi dei raudgrøne sløser vekk alle pengane våre. Folk burde ha sete att med meir av pengane dei tener sjølv. Formuesskatten må vekk med ein einaste gong, han er heilt øydeleggjande.
– Men skatteinntektene kjem vel godt med når regjeringa skal betale for gratis ferje og barnehage her ute. Det må vel vere bra?
– Gratis ferje er veldig bra. Barnehage har eg ikkje greie på, for ungane mine er snart like gamle som meg.

Ting tek tid
Senterpartileiar Trygve Slagsvold Vedum trur at øybuarane kjem til å skjøne kor mykje politikken til Senterpartiet har å seie etter kvart.
– På eit øysamfunn vil dette slå sterkt ut over tid. Det er ei svært kraftig distriktssatsing vi har gjennomført, men det tek tid før det verkeleg får utslag, seier han.
Han meiner at grepa som Senterpartiet har fått gjennomslag for, manglar sidestykke i norsk politisk historie.
– Vi har teke veldig store og heilt nye grep. Tidlegare har distriktspolitikken dreidd seg om næringsfond og slike små grep. Vi har gjort noko som eigentleg er heilt utan presedens, og det er at vi har teke nokre strukturgrep som rettar seg mot individet. Vi tek grep som gjer det mogleg for sjukepleiarar og lærarar å bu over heile landet, seier Vedum og legg til:
– Politikk verkar, men det tek tid. Vi ser at folketalet går opp med 25.000 i utkantkommunane i denne fireårsperioden. Det gjekk ned med nokre og tjue tusen under Erna Solberg. Det er klart at desse tiltaka har noko å seie. Det er eg ikkje i tvil om.
– Det er dyre tiltak?
«Dersom Senterpartiet får fire år til, kjem vi alle til å svelte ihjel.»
— Tore Hillersøy, fiskar
– Det er verdt det. Viss H og Frp får fleirtal, så forsvinn dei. Det har dei sagt rett ut. Dei er målretta på kutt til distrikta. Det kjem til å bli massive kutt. Det har vore ein enorm vilje til å latterleggjere oss. Vilja til sentralisering er enorm, så dei kjem til å reversere på rekkje og rad.
– Kvifor ligg ikkje Senterpartiet an til å gjere eit betre val, då?
– Konfliktnivået i distriktspolitikken er lågare. Det har ikkje vore store statlege sentraliseringsreformer dei siste åra. Diverre trur eg det kjem opp att viss H og Frp kjem til makta. Då blir det sentralisering på speed, seier Vedum og legg til:
– Mykje av vår politikk har vorte latterleggjort i Oslo i denne perioden, men det er ingen tvil om at det er veldig sterke tiltak. Og det er ingen tvil om at det kjem til å ha noko å seie, seier han.
Finst kanskje ein
Etter å ha prata med til saman 16 personar i øysamfunna Bulandet og Værlandet må Klassekampen gje opp å finne nokon som har tenkt å røyste på Senterpartiet.
Det er jo ikkje like nøyaktig som ei meiningsmåling, men dei fleste vi pratar med her ute er samde om at Sp ligg an til å gjere eit mykje dårlegare val enn sist. Også i eit av dei samfunna som har tent mest på dei store gjennomslaga til Senterpartiet.
På butikken på ferjekaia på Værlandet jobbar Mads Grepstad. Når det nærmar seg ferjeavgang, kombinerer han å servere fersk kyllinggryte til kafegjestane og å sitje i kassa.
For han er gratisferja svært god forretning.
– Det har hatt mykje å seie. Det kjem mange fleire folk hit no, så det er klart at det er bra for butikken.
– Og likevel skal du ikkje røyste på Senterpartiet?
– Nei. Det er bra dei har fått dei gjennomslaga, men eg trur folk her ute er opptekne av at det skal løne seg å drive selskap. Det er mange som er mot formuesskatten. Som samfunn er vi heilt avhengige av at bedriftene her ute klarar seg.
Butikksjefen har fått besøk av sambuaren sin og den fire veker gamle sonen deira. Senterpartiet har gjort den vesle guten fleire tusen kroner billegare i drift i månaden for øybuarane, men heller ikkje han skal leggje ein Senterparti-setel i valurna på måndag.
Jakta på senterpartiveljarar har vore fånyttes. Sjølv ikkje der den radikale distriktspolitikken har treft mest, ser det ut til at partiet i dag er populært.
Plutseleg bryt butikksjefen ut og peikar på ein mann som akkurat har lagt varene sine i handlenettet: Han der! Der har du ein som røystar på Senterpartiet.
Ein middelaldrande mann i boblejakke ser brydd ned i bakken medan han småspring ut av butikken. Han var openbert ikkje interessert i å stå fram som den einaste av sitt slag.
