Øystein Vidnes har delt denne artikkelen med deg.

Øystein Vidnes har delt denne artikkelen

Bli abonnent
Noveller

Greie gutar

Kontorkvardagen er drepen i Nescios noveller. Men kunsten overlever!

FRI FUGL: Mann ropar ut over Amsterdam. FOTO: Paul Guermonprez/WIKIMEDIA COMMONSFRI FUGL: Mann ropar ut over Amsterdam. FOTO: Paul Guermonprez/WIKIMEDIA COMMONS

Nescio

Unge titanar

Omsett av Robin Van de Walle og ­Øystein Vidnes

Skald Forlag 2025, 154 sider

Forfattarnamnet Nescio er eit pseudonym for Jan Hendrik Frederik Grönloh, og i Nederland er han visst ein udiskutabel klassikar som folk først blir påtvinga gjennom skuleverket. Før dei med skulevegring blar vidare i avisa, må eg skunde meg å legge til at dei tre novellene som no er omsette i «Unge titanar», slett ikkje ber preg av pedagogiske pliktøvingar, men tvert om er forbausande friske: Det ligg ein lur og lun smil bak forteljingane, som er ektefølte og ironiske på same tid. Sjølv om dei er skrivne for godt over hundre år sidan, sprett dei fram frå sidene mest som om dei var skapte i går.

Det er særleg språket som spritar opp. I innhaldet er ikkje novellene fullt så notidige; her er vi attende i bohemske kunstnarkrinsar i Amsterdam i tida før og under den første verdskrigen. Novellene følgjer eit knippe kunstnarspirer som ikkje lenger er fullt så unge, men har byrja å gro fast i det borgarlege samfunnet. Nokre av dei har sant nok ikkje takla overgangen så godt, og blitt galne eller tatt livet av seg, men for resten er det kontorjobb frå ni til fem som gjeld. Frå dette traustare tilværet ser dei tilbake på den tapte ungdomstida si, ikkje utan ei viss tristesse. Trykket i novellene er like fullt framleis prega av visjonane og ovmotet til den svermeriske ungdomen dei ein gong var: «Det som er på innsida, skal ut», proklamerer ein av dei tidleg i boka.

Den første novella om ‘Snyltaren’ skildrar ein type mange vil kjenne – ein som «prata for tre og åt for seks» og som «drakk for endå seks til». Munnen hans beveger seg i eitt set, spaserstokken peikar hit og dit, og rundt han teiknar forteljaren opp det fornøyelege kollektivet av kunstnarsjeler – og eit sjarmerande nederlandsk landskap, med både kyr og kanalbåtar. Gjennom vittige karakteristikkar, og med resignert haldning, penslar forteljaren ut lagnaden til sine stakkarslege likemenn – som like fullt blir smått heroiske i kontrast til utviklinga i bysamfunnet rundt dei, der folk riv vakre hus og set opp nye, stygge over ein låg sko.

«Gutar var vi – men greie gutar», heiter det i tittelnovella ‘Unge titanar’. Den er òg fortald frå ei fornuftig ettertid, der svermeriet og opprøret er eit tilbakelagt stadium. I ein sluttkommentar frå Gud sjølv kjem det likevel tydeleg fram at sympatien ligg hos dei unge himmelstormarane heller enn hos dei fine herrane i byens borgarskap:

Eit nytt kull unge titanar er allereie i gang med å stable små steinblokker oppå kvarandre for å styrte han frå trona og endeleg ordne verda slik dei vil. Han berre ler og tenkjer: «Stå på, gutar, sjølv om de er galne, har eg dykk meir kjær enn desse fine, kloke herrane. Eg beklagar at de er nøydde til å knekke nakken medan herrane får ha det som plomma i egget, men eg er no berre Gud.»

Omsetjar Robin Van de Walles etterord er fullt av fine observasjonar, om «livsnytarar med sigar i munnen og hovudet oppe i skyene» og ikkje minst om at poesien framleis finst der ute, for den som ikkje lèt sjela si forkrøple i kontorkvardagen, men ser seg syn med å oppsøkje det vakre: «For sjølv om titanane er lenkja fast til kontorpulten, står trea enno langs kanalen, vinden blæs, og sola er framleis blodig raud.»

Omsetjinga har belgiske Van de Walle gjort saman med Øystein Vidnes, og utan at eg veit korleis eit slikt samarbeid går føre seg i praksis, kan eg trygt slå fast at det har vore vellukka. Særleg den snedige tonen – talemålsnær, men vektig litterær – treffer blink. Den demonstrerer at ein kan gå ganske langt inn i eit vestlandsprega nynorsk utan å skugge for den blodig raude sola som skin over kyr og kanalbåtar i det nederlandske flatlandet.

Lyst å lese mer fra Klassekampen?

Bli abonnent

Du kan enkelt registrere deg med

Bokmagasinet

Nordisk råd

Hva trengs den ufarlige, lille skurken til nå?

Intervju

Kaja Schjerven Mollerin har møtt Bjørn Westlie for å snakke om morens uoppret­te­lige valg

Kommentar

Hvordan lese selvbio­gra­fiske dikt? En ny avhandling viser hvordan det kan gjøres.