Denne sommaren har det vorte diskutert om folk som ikkje kjem frå Oslo, er mindre kule, eller kanskje prøver for hardt å vere kule.
Du må være abonnent for å lese denne artikkelen
Allerede abonnent? Logg inn
Donald Trump og USA har teke over ti prosent av aksjane i mikroprosessorselskapet Intel, og vert dermed den største eigaren i selskapet. Den libertarianske republikanaren Rand Paul kallar det for sosialisme, og det er jo rett at grepet er veldig uvanleg i USA. Andre stader er det derimot ikkje så uvanleg. Nesten ein tredjedel av dei 500 mest verdifulle selskapa i verda har ein stat som hovudeigar. Og dersom det ikkje hadde fungert godt, så hadde dei jo ikkje vore blant dei 500 mest verdifulle selskapa i verda. Hovudgrunnen til denne høge delen statleg eigarskap er at meir enn hundre kinesiske selskap er på lista. Av dei ti største selskapa i Noreg er staten hovudaksjonær i seks av dei. Noreg skil seg kraftig ut, og minner meir om Kina enn om andre europeiske land når det gjeld statleg eigarskap.
Aleksander ÅsnesI 2014 tok Øystein Stray Spetalen initiativ til eit antisosialistisk museum på Bygdøy, der han bur. Voksfigurer av Finn Gustavsen, Leonid Bresjnev og Mao skulle freiste tilreisande, men også skremme dei vekk frå sosialistiske idear. No er Spetalen på ny i fokus, slik han ofte er i valkampar. Han set ting på spissen, men seier også veldig mykje som ikkje er sant. I eit nesten to timar langt intervju med dei unge gutane som kallar seg for Gutta, får han leggje fram alt han meiner er gale med det norske samfunnet. Gutane har ikkje peiling på noko som helst, og difor er samtalen krevjande å sjå på. «Har du lest Sigrid Undset eller Knut Hamsun», spør Spetalen til latter frå Gutta, før han slår fast at det er umogleg å lese dei bøkene.
Aleksander ÅsnesDenne veka slo VG stort opp at Sylvi Listhaug ikkje hugsa kva ein liter mjølk kostar. Slike oppslag ser vi ofte, og eg meiner dei byggjer på ei misforståing. Tanken er at du er rik og langt unna vanlege folk dersom du ikkje veit prisen på daglegvarene. Eg trur ikkje det er rett. Nokre hugsar alltid slike detaljar, andre gjer det ikkje. Det har lite med rikdom eller folkelegheit å gjere. Nokre trur det er synd på politikarane som er nøydde til å gjere rare ting i valkampen, men eg trur eigentleg at mange av dei likar ganske godt å gjere rare ting.
Aleksander Åsnes