Solveigs salt

Middag hos oss

Det finst ingen i heile verda som er for fine for meg.

I teikneserien Calvin and Hobbes, på norsk Tommy og Tigern, er det ei side der foreldra ser gjennom nokre reklamebrosjyrar som dei har fått i postkassen. «Kvifor får eg kjensla av at samfunnet prøver å gjera oss misnøgde med alt me gjer og utrygge på kven me er?» spør faren, og mora svarer at det er fordi at dersom folk tenkte på verkelege problem og behov i staden for oppkonstruerte begjær, ville økonomien kollapsa. Konklusjonen er at å kasta reklamen vil gjera dei til terroristar. Det er ei patriotisk plikt å kjøpa det som hindrar dei i å leva eit enkelt liv.

Du må være abonnent for å lese denne artikkelen

Solveigs salt

Porse­lens­figur

The Girl in a Swing, jenta i dissa, eller huska som dei seier på Austlandet, er ein roman frå 1980 av engelskmannen Richard Adams. Ho handlar om det korte ekteskapet mellom Alan, ein forretningsmann med solid familiebakgrunn, og Karin, ei vakker ung kvinne utan fortid. Ho har lagt alt bak seg for å starta på nytt i eit nytt land, frå topp til tå innstilt på kjærleik, alltid klar til sex. Det liker Alan svært godt. Iblant tenkjer han på henne som ein slags erotisk helgen. Karin er då òg på alle vis eit patriarkalsk ideal, søt og pen og snill, og veldig flink til å støtta mannen sin på alle vis. Utan tidlegare erfaring i bransjen blir ho straks ein eineståande medhjelpar i den kombinerte antikvitets- og steintøybutikken hans.

Ekte intel­ligens

Ein gong i etterkrigstida drog engelskmannen Richard Adams ut på ein lang biltur med familien. For å få ungane til å sitja i ro i baksetet, dikta han opp ei framhaldssoge om nokre kaninar som må leggja på vandring fordi det gamle bølet deira blir rasert av gravemaskinar. Nokre år seinare debuterte han som forfattar med «Watership Down», som ville vore eit ganske tradisjonelt helteepos om det ikkje hadde handla om firbeinte kaninar i staden for tobeinte menn. Dei fleste som prøver å dikta ut frå eit dyreperspektiv, blir ståande fast i Hakkebakkeskogen, fordi dei ikkje greier leva seg inn ei anna sanseverd enn si eiga. Amerikanaren Paul Auster skreiv ein gong ei eg-forteljing om ein hund som påstår at han orienterer seg med snuten, trass i at det meste av det han opplever, er sett gjennom auga. Richard Adams lukkast langt betre i å skapa små dyr med lange øyre som vender seg etter lyden, i ein atmosfære full av nære og fjerne lukter. Dei har pels og vêrhår og er drivne av instinkt.

Mani­pu­lerte behov

Mykje vil ha meir. Den som har mat, vil ha finare mat, den som har hus, vil ha større hus, den som er mektig, vil vera Gud. For å leva etisk må ein undertrykkja seg sjølv. Lukkeleg kan ein berre bli dersom ein gjer alt det ein har lyst til og lèt dei andre betala kostnaden. Denne tankegangen har utvikla seg under tilhøve der dei fleste menneske er fattige og triste, og eit ørlite, privilegert mindretal forsvarer retten til rikdom med ideologisk einsretting og rå makt. Likevel har han overlevd som gjeldande sanning langt inn i velferdssamfunnet. Verken filosofar, psykologar eller sosiologar har anstrengt seg nemneverdig for å finna ut korleis drivkrefter utanfor oss sjølve kan gje seg ut for å vera våre eigne personelege behov.