Poetisk praksis

Poetisk praksis

eg går rundt på garden og leitar etter far min

ser i snekkerbua og i løa

finn eit dødt lam i den svarte bøtta utanfor døra

augene er borte, det er hol tvers igjennom

lammet har ei grå stripa over naseryggen og ein kvit flekk ved det eine øyra

resten av ulla ser ut som ei slitt og skitten handdukke

det er ingenting igjen å fylla kroppen med

eine beinet er gnagd reint for skinn

eg finn ikkje far min

han er ikkje i løa

ikkje i snekkerbua

han er ikkje her lenger

eg finn ikkje ein gong ein trebit han har spikka på

Bokmagasinet

Nordisk råd

Solvej Balle nærmar seg siste stasjon i sitt enorme europeiske roman­pro­sjekt.

Kommentar

Det er kulturkrig i biblio­teket.

Intervju

Kunst og hverdag, minner og nåtid flyter sammen når Aasne Linnestå skriver om sin barndoms Rjukan.