Då partiet Fred og rettferd (FOR) hadde landsmøte i helga, skipa dei eit eige ungdomsparti: Ung anti-imperialisme.
Den nyvalde leiaren heiter Mulonda Rashidi. Han står bak Tiktok-profilen «blorodt». Rashidi delar korte videoar med politisk innhald med sine 3600 følgjarar på videotenesta.
Der fortel han verda kvifor han er feminist, kvifor arbeidarklassen er slavar under kapitalismen, men òg eit enda meir radikalt standpunkt: Nord-Korea er eit av dei friaste og mest demokratiske landa i verda.
– Mi personlege støtte til Nord-Korea handlar om antiimperialisme. Korea vart delt opp av USA. Dei drap 20 prosent av folket der, og dei held Nord-Korea nede med økonomisk undertrykking. Mitt utgangspunkt er at land skal få lov til å vere suverene.
– Nord-Korea er eit ekstremt undertrykkjande diktatur, utan noko form for ytringsfridom eller demokrati.
– Eg meiner at det du pratar om der, er liberale verdiar som USA forsøkjer å påføre andre land. Nord-Korea har andre verdiar. Det er ikkje i kontakt med røynda å seie at dei ikkje er demokratiske. Nord-Koreas grunnlov er veldig demokratisk. Alle har rett til å jobbe, og alle har rett til helsetenester og skule, seier Rashidi.
Han er fullstendig klar over at bodskapen hans er provoserande for mange i Noreg.
– Ein vestleg person vil ikkje sjå på Nord-Korea som demokrati, men du må sjå på det som eit land med ei heilt anna historie og annan kultur enn i Vesten, seier han.
Ifølgje forskarar ved Universitetet i Wien lever meir enn 60 prosent av folket i Nord-Korea under absolutt fattigdom. Det vil seie at dei ikkje har ressursar til å dekkje grunnleggande behov som mat, klede og bustad. Til samanlikning lever kring 0,5 prosent av folk i nabolandet Sør-Korea under slike tilhøve.

Norsk suverenitet
Rashidi seier at dei viktigaste sakene for det nystifta ungdomspartiet er norsk sjølvråderett og antiimperialisme.
– Sakene vi er opptekne av, er at vi er mot Nato og EU, og vi ser på dei som fiendtlege aktørar. Dei er inne og kontrollerer både innanrikspolitikken og utanrikspolitikken til Noreg. Vi ønskjer at Noreg skal bli styrt av norske interesser, seier han.
Når det gjeld den pågåande krigen i Ukraina, deler Unge anti-imperialisme synet til moderpartiet FOR.
«Ein vestleg person vil ikkje sjå på Nord-Korea som eit demokrati.»
— Mulonda Rashidi, leiar i Ung Anti-imperialisme
– Krigen er ein provosert krig. Eg er mot krigen. Eg synest det er latterleg og unødvendig å snakke om å vere prorussisk eller proukrainsk når folk på begge sider mistar livet. Det er Nato si utviding som er den grunnleggjande årsaka til krigen, seier han.
– Kva tyder det eigentleg å ha anti-imperialisme som hovudsak i dag?
– Når vi snakkar om anti-imperialisme, meiner vi den finansielle dominansen gjennom EU, FN, IMF og WTO – som har vorte nytta til å kontrollere afrikanske land gjennom gjeldsslaveri. Antiimperialisme handlar om at land skal få styre seg sjølve – ikkje basert på interessene til USA, men på eiga suverenitet.
– Trur du at de vil få med dykk mange unge folk på dette?
– Eg har absolutt trua på at unge folk er mot krig, og at dei ønskjer å kjempe mot terrorstaten USA.