Tornerose sov i 100 år. Det norske kombinatet av politikarar og mediefolk har sove kollektivt i over 75 år. Sovemedisinen har vore referansen til Atlanterhavspakta/Nato sin artikkel 5. Perioden med sjølvsuggesjon kan vere over. Brått har eit vanleg spørsmål blitt om USA eller Nato er «til å stole på» og om USA kan «svikte Europa». Det har oppstått tvil om Nato som såkalla sikkerhetsgarantist. Står eit dogme for fall? Men har verkeleg artikkel 5 nokosinne vore å stole på – og om kva? Standardsvaret er å vise til artikkelen som ein slags forsikringsparagraf om gjensidig hjelp for medlemslanda i det som opphavleg var ein nordatlantisk allianse, North Atlantic Treaty Organization.
Du må være abonnent for å lese denne artikkelen
Allerede abonnent? Logg inn