Du kan bla til neste sideBla med piltastene
Tryggingspolitikk

Nato-myten om artikkel 5

Artikkel 5 i Atlanterhavspakta har blitt tilskrive større forsikringskraft enn det finst dekning for. Slik har den vore ei sovepute sidan 1949.

FORSIKRINGSPOLITIKKEN: Demonstrasjon utanfor Stortinget under forhandlingane om medlemskap i Nato/Atlanterhavspakten i 1949. Alle foto: NTB

Tornerose sov i 100 år. Det norske kombinatet av politikarar og mediefolk har sove kollektivt i over 75 år. Sovemedisinen har vore referansen til Atlanterhavspakta/Nato sin artikkel 5. Perioden med sjølvsuggesjon kan vere over. Brått har eit vanleg spørsmål blitt om USA eller Nato er «til å stole på» og om USA kan «svikte Europa». Det har oppstått tvil om Nato som såkalla sikkerhetsgarantist. Står eit dogme for fall? Men har verkeleg artikkel 5 nokosinne vore å stole på – og om kva? Standardsvaret er å vise til artikkelen som ein slags forsikringsparagraf om gjensidig hjelp for medlemslanda i det som opphavleg var ein nord­atlantisk allianse, North Atlantic Treaty Organization.

Du må være abonnent for å lese denne artikkelen