21. mai
Raudeelvis Eit av dei fremste teikna på at livet kanskje ikkje var så fint i den kommunistiske austblokka, er at også dei som var overtydde støttespelarar, etter kvart gjekk grundig lei av å leve der. Den verdsberømte dramatikaren Bertolt Brecht flytta austover for å bidra til å byggje sosialismen i DDR etter den andre verdskrigen, men enda opp desillusjonert få år seinare. Den britiske dobbelagenten Kim Philby måtte flytte til Moskva då det i 1963 vart avslørt at han i fleire tiår hadde drive spionasje for Sovjet. Kanskje tenkte han fyrst at det var ein mild straff å måtte flytte til ein ekte arbeidarstat, men han døde som ein trist og fordrukken mann.
Det gjorde også Dean Reed, eller «Red Elvis», som han vart kalla i USA. Han var nær ven av både Victor Jara og Pablo Neruda og skreiv populære låtar inspirert av britisk og amerikansk popmusikk. Likevel fordømde han heimlandet sitt USA, og i 1973 flytta han til Aust-Tyskland for å leve i pakt med dei politiske ideala sine.
Aleksander Åsnes