John Sveinung Fiskvik har delt denne artikkelen med deg.

John har delt denne artikkelen

Bli abonnent
Kraft

Langer ut mot fornybarlobby

Trygve Slagsvold Vedum vil ha slutt på at offentlege pengar finansierer Fornybar Norge, som han meiner driv med lobbyverksemd for dyr kraft.

Fornybar Norge er ein organisasjon som organiserer dei ulike kraftselskapa og andre aktørar som driv med kraft i Noreg. Når kraftpolitikk vert forma ut i Noreg har dei ofte for sterke meiningar, tykkjer leiar i Senterpartiet Trygve Slagsvold Vedum.

– Fornybar Norge er ein veldig aktiv organisasjon som har sterke meiningar om utanlandskablar, til dømes. Det meiner vi vil skape høgare straumprisar i Noreg. Likevel driv denne organisasjonen, som i stor grad er finansiert av offentlege midlar, lobbykampanje for slike kablar, seier Vedum.

Sidan mykje av kraftbransjen i Noreg er offentleg eigd, er også kommunale, fylkeskommunale og statlege aktørar blant medlemmane i Fornybar Norge. Det tykkjer Vedum er problematisk sidan organisasjonen har så sterke meiningar om kontroversielle emne.

Vil ha det billeg: Senterpartileiar Trygve Slagsvold Vedum. Foto: Tom Henning Bratlie

– Dei var veldig tydeleg i kritikken sin mot meg då eg gjekk mot northconnect-kabelen, då kalla dei meg kabelpopulist. Det er ei ærleg sak. Private må få lov til å bruke pengane sine i påverknadsarbeid, men Fornybar Norge har veldig mykje offentlege eigarar.

«Kvifor skal det offentlege bruke pengar på å påverke politikarar som er valt av folket?»

Trygve Slagsvold Vedum, leiar i Sp

Statnett og Statkraft

At dei to statlege gigantane Statkraft og Statnett er med, likar Vedum særleg dårleg.

– Det er veldig problematisk. Kvifor skal det offentlege bruke pengar på å påverke politikarar som er valt av folket? Statnett og Statkraft er eigd av oss, og skal ikkje ha nokre andre meiningar enn det dei folkevalde har. For meg er dette ein prinsipiell sak.

– Fornybar Norge driv mykje påverknadsarbeid, men det er også ein arbeidsgjevarorganisasjon. Er det ikkje naturleg at Statkraft og Statnett som store arbeidsgjevarar i kraftbransjen er med der?

– Dei burde ha avgrensa kva deira kontingentpengar skal gå til. Det er noko anna enn når Kjell Inge Røkke brukar sine pengar på påverknad. Her er det offentlege 100 prosent eigar.

Lyst å lese mer fra Klassekampen?

Bli abonnent

Du kan lett registrere deg med

Politikk

Valgpengar

Mens partiet For kallar seg sjølv eit antisio­nistisk parti, gir partiets rike onkel også pengar til Israel-vennar.

Makt

LO og rike investorer pøser penger inn i valget. Et demo­kratisk problem, sier Unio-sjef.

Finnmark

Stats­mi­nis­teren er bekymret for fra­flyt­ting i Finnmark, og oppfordrer til lagspill og nytenkning for å få flere til å bli.