Naturvern har blitt allemannseige, mykje takka vere NRK sin grundige naturjournalistikk. Dei siste fem åra har det blitt gjort 44.000 naturinngrep her til lands, og vi mistar 79 kvadratmeter natur kvart minutt. Det får alle med DNT-medlemskap, ein nærskog eller sjøgløtt frå stovevindauget til å kjenne noko. Alle som har spikka ein grillpinne på tur med barneskulen eller som liker å sløve i skuggen under ei stor trekrone i sommarvarmen blir litt opprørte. Vi må ta vare på den fine naturen vår!
Du må være abonnent for å lese denne artikkelen
Allerede abonnent? Logg inn