26. mai
Varsam Å fortelje skrekkhistorier om selskap som var for treige med å ta i bruk ny teknologi har vorte veldig populært blant næringslivsleiarar, men kvifor fortel dei aldri om selskapa som gjekk til grunne fordi dei var for raske med ny teknologi?
Redaktør i Bergens Tidende Trond Olav Skrunes skriv i nyheitsbrevet sitt om mobiltelefongiganten Nokia, som var verdsleiande på 2000-talet. I dag er det ingen som har ein Nokia-telefon, og det er fordi dei var for treige med overgangen til smarttelefon og vart utkonkurrert av Iphone. Det meiner Skrunes at mediebransjen kan lære av. Ja vel, men kva kan vi lære av bokhandlarkjeda Borders, som satsa alt på bøker lagra på dvd-disker, og som mista posisjonen sin då det synte seg at det var eit daudfødt prosjekt?
I dag er det noko stakkarsleg over folk og bedrifter som er skeptiske til å ta i bruk ny teknologi, men eg meiner at det som burde kjennest skamfullt, det er å hoppe ut i ny teknologi utan atterhald for å prøve å henge med. VG har til dømes hatt fleire store flausar knytt til bruk av kunstig intelligens, men då dei vert konfrontert med det, ser dei ikkje ut til å ta det så tungt. I ei sak med Vendela Kirsebom lét VG kunstig intelligens finne på eit sitat som Kirsebom aldri hadde sagt, men ein VG-representant nøyer seg med å skildre det som «ikke optimalt».
Aleksander Åsnes