Kva meiner vi, kva tenkjer vi på når vi seier «skaping»? Sjølvsagt nøler vi ikkje med å bruke dette ordet: Vi snakkar om skapinga av eit teaterstykke, eit musikalsk verk, ein motekolleksjon og så bortetter. Vi meiner oftast det som Aristoteles forstod som poiēsis, prosessen med å lage. Men denne prosessen, la oss kalle han tilverking, er definert som ei forvandling. For denne tilverkinga tar i bruk a) materialet til verket og fester b) ei form til det. For snikkaren må den første planken miste forma si for å bli til eit bordbein, eit møbel, for pottemakaren må leira ha form som ei krukke eller eit fat. Denne nye forma, som vil verke inn på det synlege ved det framleis usynlege (ubestemte) materialet, må bli festa av c) føremålet som handverkaren tenkjer og har for auge på førehand, eit framleis usynleg mål. For at ein ting skal skje, er desse vilkåra naudsynte, og det vitnar om tre oppmodingar. Likevel er det framleis noko som manglar, d) handverkaren, skaparen, produsenten, han som lagar.
Les hele Klassekampen på nett
Få nyhetene som setter dagsorden, analysene som betyr noe og stemmene som teller. Abonner i dag.
Bli abonnent