16. mai
Bunad Det går føre seg ein diskusjon om bunaden for tida, slik det ofte gjer i desse tider. Skal Sandra Lyng få lov til å selje bunadsskjorter i mange ulike fargar, og skal folk som ikkje er frå Telemark få lov til å gå med telemarksbunad? Nokre av dei strengaste og sterkaste meiningane så langt kjem frå Vestkanten i Oslo og frå representantar for Unge Høgre og Frp.
Bunaden har sitt utspring i den radikale norskdomsrørsla på byrjinga av nittenhundretalet, og Hulda Garborg var den fremste einskildpersonen. Dette var ei venstrevridd rørsle som såg det nasjonale som eit frigjeringsprosjekt. Gjennom eigarskap til sin nasjonale kultur kunne folk fri seg frå undertrykkjande overmakter, og gjennom det nasjonale prosjektet kunne vi skape ein nasjonalstat, som var føresetnaden for demokratiet. Difor finst det ein positiv, inkluderande og venstrevridd nasjonalisme i Noreg, slik det også gjer i Irland, Palestina, Kurdistan og Catalonia.
I dag tykkjer vel berre folk at bunad er fint, og det har vorte ein innarbeida tradisjon. Det som vert kalla for bunadspolitiet, er visst veldig opptekne av at folk ikkje skal nytte solbriller medan dei har på seg bunad.
Aleksander Åsnes