På påskegudsteneste palmesundag frå Orkdal kyrkje i NRK vart det både tala og sunge på samisk, svensk og bokmål. Ikkje ei einaste salme eller ord på nynorsk! Svikaren Judas vart omtala fleire gonger! Eg gjekk ut i hagen og såg på blomane, helleborusen, planten som den tyske munken såg bløma i kulden. Så kom frå han ein salme: Est ist ein Ros entsprungen … Og me fekk den vakre salmen Det hev ei rose sprunge … Eg treng vel ikkje seia noko meir, trur eg.
Les hele Klassekampen på nett
Få nyhetene som setter dagsorden, analysene som betyr noe og stemmene som teller. Abonner i dag.