Dagboka

Oslo

I 1850 var folketalet i Praha seks gonger så høgt som i Oslo, men i dag er Praha berre litt mindre enn dobbelt så stor som Oslo. Då tenkjer du jo at Oslo har teke kraftig innpå Praha, men i ein liten periode på byrjinga av nittenhundretalet var Oslo større enn Praha! Frå 1800 til 1900 vaks Oslo med 2371 prosent, og det er blant dei største urbane eksplosjonane vi kjenner til. Då Henrik Ibsen rundt 1850 tok sine daglege spaserturar til Grand Café for å drikke ein øl, var Oslo ein liten by på storleik med Molde i dag. 50 år seinare hadde folketalet meir enn seksdobla seg, og Oslo var plutseleg ein av dei største industristadene i Norden.

Du må være abonnent for å lese denne artikkelen

Dagboka

Dyrt

Forsvaret trapper kraftig opp aktiviteten i nord. Spesielt i kommuner som Bardu, Målselv og Porsanger vil antallet soldater og ansatte øke sterkt. Man skulle tro at kommunene gned seg i hendene over økt folketall og større inntekter i form av avgifter og skatt. Men nei da. Ordfører Toralf Heimdal (Sp) i Bardu er skarp i tonen når han uttaler seg til Forsvarets Forum. Ansatte i Forsvaret melder nemlig ikke flytting når de bosetter seg. De fleste har adresse på gutte- og jenterommet i østlandsområdet.

På hotell

I går ble elevundersøkelsen presentert. Den måler tilstanden blant over 440.000 elever fra 5. klasse ut videregående. De siste årene har forskere slått alarm. Alle mulige statistikker i denne og andre undersøkelser som måler hvordan unge mennesker har det, pekte i helt feil retning. Mobbetallene var steget til himmels på få år.

Hinton

Den britisk-kanadiske informatikaren og kognitive psykologen Geoffrey Hinton meiner at det finst ein ekte fare for at store språkmodellar som ChatGPT ein dag blir så smarte at dei klarer å lure og utmanøvrere oss – og kanskje til og med drepe og utslette oss. Mellom anna grunngir han dette med at han meiner å ha oppdaga at tidlege versjonar av ChatGPT klarte å resonnera seg fram til ting som ingen kunne ha fortalt modellen direkte. Den store frykta til Hinton er at den dagen vi let språkmodellane få høve til å endra sin eigen kode for å forbetre seg sjølve, kan det spinne heilt ut av kontroll utan at vi merkar det. Hintons perspektiv er truleg eit mindretalsperspektiv blant folk som forskar på kunstig intelligens, men han er ingen kven som helst. Tvert om vert han ofte kalla gudfaren til kunstig intelligens, og han har vunne nobelprisen i fysikk. Sjølv er eg endå meir oppteken av syskenbarnet hans, Joan Hinton. Ho var fysikar og jobba med å utvikla den fyrste atombomba på manhattanprosjektet. Då ho fekk sjå bilete av dei amerikanske atombombene som øydela Hiroshima og Nagasaki, vart ho så kvalm at ho flytta til det revolusjonære Kina i protest.