Tone Zander har delt denne artikkelen med deg.

Tone Zander har delt denne artikkelen

Bli abonnent
Eu

Det går mot EU-kamp i Ap

På landsmøtet til Arbeidarpartiet blir det ein stor diskusjon om norsk EU-medlemskap. Nestleiar Tonje Brenna trur mange i partiet er i tvil.

Nei: Tonje Brenna ønskjer ikkje norsk medlemskap i EU. Her er ho fotografert på eit møte med partane i arbeidslivet i 2024. Foto: Javad Parsa, NTBNei: Tonje Brenna ønskjer ikkje norsk medlemskap i EU. Her er ho fotografert på eit møte med partane i arbeidslivet i 2024. Foto: Javad Parsa, NTB

For ein månad sidan sa Ap-leiar Jonas Gahr Støre til Klassekampen at han ikkje ønska noko EU-debatt i Noreg, men no ser det ut til at han ikkje får vilja si.

Landsmøtet til Arbeidarpartiet startar nemleg på torsdag og der blir det nettopp ein debatt om norsk medlemskap i EU. Ei rekkje lokallag har sendt inn endringsforslag for å gjere Ap til eit tydelegare ja-parti, og fleire partiprofilar førebur seg no på dragkampar om EU på landsmøtet

– Leiinga i vårt parti har tidlegare sagt at vi ikkje treng noko debatt, men ein debatt som kjem nedanfrå, det skal ein ha respekt for, og det er det som skjer no. Vi må diskutere Noreg og vårt forhold til EU mykje meir. Særleg når vi ser at USA vender seg innover, seier stortingsrepresentant for Arbeidarpartiet Trine Lise Sundnes.

Ho meiner mykje har endra seg sidan sist EU-val.

– Eg røysta sjølv nei i 94, men eg er overtydd om at slik situasjonen er no, er tida inne for å ta steget inn i EU med fulle rettar, seier ho.

Ho er leiar i lokallaget Internasjonalt forum, som er eitt av fleire lokallag i Ap som har kome med forslag til programarbeidet på landsmøtet at partiet skal innta eit tydelegare ja-standpunkt.

– Vi meiner at det er riktig å få norsk folkevalt påverknad i det førebuande arbeidet med EU-direktiv og til stades der avgjerdene takas. Når det no borgar til handelskrig, så er det viktigare enn nokon gong at vi er med i diskusjonane, og at vi er med i EU.

Tydeleg ja

Oslo Arbeidarparti har vedteke at dei ønskjer at Noreg skal bli medlem av EU «når tida er inne for det».

– Vi meiner det er rett at Ap no seier at målet på sikt må vere endå tettare samarbeid med EU. Dei store utfordringane vi ser gjer dette til eit viktigare tema enn på lenge, seier leiar Frode Jacobsen.

– Senterpartiet seier at dei ikkje ein gong vil støtte eit budsjett til eit parti som på nokon måte tek Noreg nærare EU. Er du redd for at dette vil forsure forholdet til dei?

– Eg er oppteken av at Ap vedtek sin politikk, og så må andre parti forhalde seg til det. Vi kan ikkje la den typen truslar påverke kva vi meiner.

Partilaget Forum for grøn vekst vil at Ap skal gå endå lenger. Dei har sendt inn eit forslag om at Ap skal «ta initiativ til ein debatt om norsk medlemskap med påfølgjande folkerøysting».
Anne Nyeggen, leiar for partilaget, trur EU-diskusjonen no tvingar seg fram i Ap.

– Eg meiner at Ap som eit styringsparti må ta ansvar for å løfte denne debatten og leie an i han, seier ho.

Hustadvika Arbeidarparti er eit anna av Ap-laga som kjem med endringsforslag for å gjere partiet til eit tydeleg ja-parti.

Leiar Jarle Klavenes seier dei ønskjer at det skal stå i programmet at Ap skal «starte prosessen med at Norge kan bli medlem av EU i neste stortingsperiode».

– Vi ser at den utanrikspolitiske situasjonen har endra seg, og Europa må klare seg meir sjølv. Etter tretti år er det naturleg å tenkje at norsk EU-medlemskap kan vere eit neste steg, seier han.

Ønskjer debatt velkomen

Nestleiar i Arbeidarpartiet Tonje Brenna er motstandar av norsk EU-medlemskap.

Ho har leia programkomiteen i partiet inn mot landsmøtet og vil nøye seg med at det skal stå i programmet at «dersom et medlemskapsspørsmål skulle bli aktuelt, skal det være gjenstand for ny landsmøtebehandling i Arbeiderpartiet».

– Eg synest det som ligg der no er klokt, men eg ønskjer ein stor og brei debatt velkomen, seier Brenna.

«Eg trur mange er i tvil.»

Tonje Brenna, nestleiar i Arbeidarpartiet

– Har du endra syn eller er du framleis nei til EU?

– Eg har ikkje endra syn på om Noreg bør bli med i EU eller ikkje. Eg meiner dei utfordringane vi må løyse i relasjon til andre land, er større enn EU, og breiare og annleis enn det eit norsk EU-medlemskap er meint å handtere.

– Ville det ha vore uklokt å fronte eit ja til EU no, slikt Jonas Gahr Støre har antyda?

– Eg meiner det er veldig bra med debatt, men slik vi kjenner det norske politiske klimaet, trur eg det er klokt av Arbeidarpartiet å bidra til ein minst mogleg polarisert debatt, og mest mogleg semje. Eg og Jonas Gahr Støre har hatt ulikt syn på norsk EU-medlemskap over tid, og det illustrerer at anten du er for eller imot EU, så kan ein likevel samarbeide godt i Arbeidarpartiet.

– Trur du forslaga på landsmøtet om meir ja får stor oppslutnad?

– Eg trur mange er i tvil. Arbeidarpartiet står støtt på EØS-avtala, og det er det aller viktigaste. Så blir det nok mykje diskusjon på landsmøtet, og det er både sunt og bra. Eg håpar og trur at programutkastet blir vedteke slik vi har foreslått det, seier Brenna

Tja til EU

Utanriksminister Espen Barth Eide seier at han ønskjer å fokusere på styrkje forholdet mellom Noreg og Europa gjennom EØS-avtala, men han tykkjer likevel det er bra at folk i partiet diskuterer norsk EU-medlemskap.

– Eg støttar ein levande debatt om vårt forhold til Europa. Det er særleg viktig i ei tid der den geopolitiske situasjonen er i endring.

– Burde Arbeidarpartiet få eit klart ja-standpunkt?

– EØS-avtala har tent oss godt, og med våre meir enn hundre tilleggsavtalar så er Noreg EUs næraste ikkje-medlem. Det aller viktigaste er å garantere for EØS-avtala, for å sikre tryggleik for norske arbeidsplassar, seier han.