Dagboka

Skule

Då Einar Førde såg Maridalen i Oslo for første gong, tenkte han: «Her er det fjord og fjell, her vil eg bu.» Og det gjorde han. Maridalen er ei levande landbruksbygd som ligg berre ein løpetur unna sentrum av Oslo. Viss det hadde vore lov å byggje hus der, hadde dalen vore full av folk. I staden er den full av enger, rundballar og traktorar.

Les hele Klassekampen på nett

Få nyhetene som setter dagsorden, analysene som betyr noe og stemmene som teller. Abonner i dag.

Bli abonnent

Allerede abonnent?

Dagboka

Jens

Det er ikke alltid nok å være snill og grei og kompetent og velkledd og med stort ordforråd, bra cv og mange venner. Vi merker det når vi leiter etter kjæreste. Her er den perfekte partneren på papiret, men det er noe som mangler, den lille gnisten. Men så møter du noen som bare er full pakke. Du skulle ønske du var ham, eller at han var faren din eller bestevennen din. Han har stødigheten til en god ektemann og sex-appellen til en god elsker. Du vil ta en øl med ham, jobbe for ham, at han skal klappe deg på ryggen og si at du har gjort en god jobb.

Dei fyrste

I dag går fristen for å søka høgare utdanning ut. Det passar dermed fint med eit historisk blikk på eit av yrka som den siste tida har fått mykje merksemd: Jordmora. Jordmorskulen som opna i Kristiania i 1818 var det fyrste utdanningstilbodet for kvinner. Utdanninga trakk kvinner frå heile landet til hovudstaden for å læra om kvinnekroppen, svangerskapet, fødsel og barseltida. Edvard Hoem skriv i boka «Jordmor på jorda» om ei av damene som var blant pionerane. Marta Kristine Nesje, som på den tida sjølv var tobarnsmor, hadde alt opplæring i faget frå Molde. Men for å få papiret frå den nye jordmorutdanninga, gjekk ho i 1821 til fots frå Romsdalen til Kristiania for å ta jordmorutdanninga.

Snudde

Nyleg avla denne spalta Bergen ein visitt, der to idrettslag vil arrangera eit løp i den storslåtte gang- og sykkeltunnelen mellom Fyllingsdalen og Bergensdalen. Løpet ville hindra allmenn bruk av tunnelen, og derfor var signalet frå fylkeskommunen, som er vegansvarleg, at dei ville få nei. Det er prisverdig at folk flest skal prioriterast, men det var snakk om eit lite avbrekk for vanleg bruk av tunnelen mens løpet blei gjennomført. Fleire reagerte. No har fylkeskommunen snudd og vil gi arrangøren løyve til å arrangera løpet og samstundes la politikarane laga føringar for korleis slike spørsmål skal avgjerast i framtida, skriv lokalavisa Sydvesten. Avtroppande leiar i Fyllingen IL, Atle Børnes, er glad. Han påpeikar også noko viktig: «Det krever litt mot å ombestemme seg.» Det er lett for at det går prestisje i saker og ting, enten det er fylkeskommunale spørsmål eller det store målet i påsken om å nå ein kvit fjelltopp, uansett vêr og vind. Alle som tar avgjerder, slit med å skifta meining, men å ta feil og gjera ei ny vurdering, er viktig, påpeikte sjeføkonom Harald Magnus Andreassen i eit intervju her i avisa for ikkje så lenge sidan og la til: «Å skifta meining er tungt og pinleg.» Derfor er det verd å minna om den åttande fjellvettregelen, om ein er på fjellet eller ei: Det er inga skam å snu.