Dagboka

Flytteføter

Det kokar på bustadmarknaden i Bergen. Ifølge BA må om lag 140 leigebuarar flytte frå tre bygardskompleks i Rotthaugsgaten og Kirkegaten i Sandviken. Selskapet som eig dei, Ragde Eiendom, skal nemleg selje. Dei i alt 150 leigetakarane som bur i dei tre bygardane, har fått to val: Kjøp ut leilegheita eller flytt. I gardane bur det pensjonistar, studentar og barnefamiliar. BA skriv at berre fem til ti leigetakarar vil kunne nytte seg av kjøpstilbodet.

Du må være abonnent for å lese denne artikkelen

Dagboka

Byråkrati

Byråkratiet har fått eit dårleg rykte, og det har vorte veldig populært å skulle svekkje det eller gjere det mindre. Erna Solberg og Høgre går no til val på å avbyråkratisere, og Elon Musk gjorde det til si hovudoppgåve i 130 dagar. Viss du trur at byråkrati er noko negativ, så kan du jo forsøkje å vitje ubyråkratiske statar som Somalia, Sudan eller Syria. Byråkrati er nemleg kjenneteiknet på ein moderne, sivilisert, effektiv og velfungerande stat. Byråkrati tyder at samfunnet vert styrt etter reglar og faste strukturar, at alle vert handsama likt, og at familieband eller venskap ikkje spelar inn når avgjerder vert fatta eller folk vert tilsett. Når folk er irriterte på byråkratiet, seier dei gjerne at det burde bli nytta meir skjønn. Å nytte skjønn i staden for rigide reglar, er å opne for forskjellsbehandling og venetenester. Det er likevel ikkje slik at meir byråkrati alltid er betre.

Sannhet

«Av alle trusler vi står overfor, er kanskje tapet av en objektiv virkelighet den farligste. Sannhetens død er ondskapens endelige seier. Når sannheten forlater oss, når vi lar den gli bort, når den rives ut av hendene våre, blir vi sårbare for lystene til de monstrene som roper høyest.» Jeg vet ikke med dere, men jeg synes det er et ganske godt sitat. Og dessverre ganske treffende i dagens internasjonale politiske klima. Selv om det er hentet fra en rein science fiction-­serie – «Andor», satt til Star Wars-universet. For tida er eksemplene på angrep på minoriteter, innskrenking av demokratiske rettigheter, militære invasjoner og direkte folkemord så tallrike at de ikke kan ramses opp i denne korte spalta. Like fullt lurer jeg på om nettopp angrepet på sannhet, og på alle institusjoner som skal ha som ambisjon å forvalte søken etter sannhet, er særlig farlig. Utdannings- og forskningsinstitusjoner og massemedier har et felles idégrunnlag i det moderne samfunn at aktiviteten deres skal være frie og uavhengige av politiske maktstrukturer.

Førde

Det er ikkje berre å flytte til Førde, sa klubbleiar i Fredskorpset Marianne Jorddal med forakt i røysta då eg intervjua henne for Dagsrevyen i 2017. Same dagen hadde dei tilsette der fått beskjeden om at kommunalminister Jan Tore Sanner med tvang skulle flytte Fredskorpset frå Oslo til Førde, og dei tilsette var både sinte og i sjokk. Men klubbleiar Jorddal flytta faktisk til Førde, Fredskorpset var døypt om til Norec, og det heile vart ei suksesshistorie. Det synte seg at det gjekk heilt fint å drive eit forvaltningsorgan i Utanriksdepartementet frå Sunnfjord. Og medan det å miste 53 arbeidsplassar for folk med samfunnsvitskapleg kompetanse ikkje betyr noko i det heile teke for Oslo, så betyr det svært mykje for Førde å få tilført det. Å nytte politikk på den måten for å fordele kompetansearbeidsplassar kringom i landet er sosialdemokrati på sitt beste, men det er mest berre under borgarlege regjeringar at det vert teke slike grep. Det er fordi det er ekstremt upopulært i fagforbunda som organiserer dei tilsette. Heile Førde er eigentleg ein sosialdemokratisk konstruksjon. I 1960 var det ei landbruksbygd med kring tusen innbyggjarar.